Sidemeny+

Lifjordsongen

Posted on 15. jun 2006 by in Kunst og kultur

Som mange bygder i Hyllestad, har også Lifjorden fått sin song, skriven av Sjur Risnes.
Sjur var fødd på Risnes i 1877. Han var lærar, og mellom dei første som tok opp tanken om ei bygdebok for Hyllestad. Risnes skreiv ned mykje om tradisjonar om gamal sed og skikk i Hyllestad.
Sjur døydde i 1950. Han var gift med Gjertrud Bjørnestad. Det kan og nemnast at sonen deira var Harald Risnes, sjef for Bjørn West under krigen.

Plassering i kart

Ytst ved Sognefjorden på den nordre strand
ligg den fagre Lifjordbygdi.
Gøymd ho er imillom øy og fasteland,
fjelli kring er beste trygdi.
Der er Lihest, Gygrekjeft og Sognneskoll,
under er det lid og skog og langhøyvoll.
Slikt ein knapt kan få
andre stader sjå,
slik ei fager bygd som dette.

Fjorden ligg så rund med grøne strender kring,
still og djup han jamnast drøymer.
Speglar av båd skog og lider rundt i ring,
ut i Sognefjord han strøymer.
Men ein dag så tek då sinne honom fatt,
reiser hår og freser liksom sinte katt.
Då ein ikkje må
koma han utpå,
det kan verta siste ferdi.

Denne fjorden er så godt eit matafat,
jamnast kan ein noko henta.
Han som rodde ut og dei som heime sat
gjernast hev eit grann å venta.
Når om våren morten leikar seg og sprett,
sankar båtane seg saman tett i tett.
Ror og dreg inn pal,
mange sneisetal.
Jau, då er det gildt å leva.

Gardane kring fjorden ligg i rei og rad,
opp frå strandi fint seg strekkjer.
Ner frå fjellet kjem så kåt og glad,
fossande så mange bekkjer.
Øvst stend fjellet med si breide bringe blå,
stend så traust og godt og allting skoder på.
På den høge nut,
ser ein vide ut
over hav og fjord og bygder.

Her i denne bygdi er eit strevsamt folk,
nøyter tidi som ho skrider.
Heile året er for dei ein arbeidsbolk,
ei for strev og slit seg kvider.
Stundom rydjer dei den feite, gode jord,
attimellom er dei ut på hav og fjord.
Avlar høy og aks,
fiskar sild og laks.
Det gjev mat til mange munnar.

Signe Gud då rikt den vene Lifjordbygd,
signe folk og heim og yrkje.
Gjev dei veksa må i liv og tru og dygd,
samle kraft i heim og kyrkje.
Lat dei timast framgang i sitt kvardagsstrev,
lat dei finna fram til Gud som sjeli krev.
Leva heil og sæl,
døy med Gud i sjel.
Det er mannens største lukka.

S. E. Risnes

CC BY-NC 4.0 Lifjordsongen av kamilla_systaddal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kamilla Systaddal, 2006
Kommune: Hyllestad