Sidemeny+

Lappspurv Calcarius lapponicus (Lapland bunting)

Posted on 27. jun 2006 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Lappspurv

Mest talrik i Nord Norge, men du kan treffe på han i Sogn og Fjordane og. Hannfuglen er som vanleg i fugleverda, mykje meir fargerik enn hofuglen.

Plassering i kart

Utsjånad
Ein ganske kraftig (14 -15 cm stor) fugl med kraftig, kort nebb og lang, rett bakklo. Nebbet er halmgult med mørk spiss. Beina er mørkt brune. I sommardrakt har hannen svart hovud og strupe, gulkvit stripe bak auget og nedover halssida til brystsida, raudbrun nakke og kvit buk.
Hofuglen kjenner ein igjen på raudbrun nakke, og på difust gråsvart felt på brystet og det lyse nebbet. I fersk haustdrakt kan fuglen forvekslast med sivspurv. I haustdrakta er både hann, ho og ungfugl ganske like. Songen kan minne om fjell-lerka sin og lokketonen kan likne på snøspurven sine lydar.

Hekking
Hekkar i vierregionen, ofte på fuktig mark, heier, eller på opne myrer med dvergbjørk.
Reiret vert lagt, ofte lett synleg, på bakken. Snøsmeltinga kvart år avgjer ofte kvar reiret vert lagt. Dette kan føre til at fleire par hekkar nær kvarandre enkelte år. Reiret vert bygt av mose, strå og fora med hår og fjør og dun frå rype. Dei 5-6 egga varierer mykje i farge, og enkelte år kan det bli ruga fram 2 kull.

Trekkfugl
Sommargjest frå mai til sept./okt.
Overvintrar for det meste på kulturstepper i S-Russland. Rastar på åker og eng under trekket, og du ser han gjerne enkeltvis eller i små grupper.

CC BY-NC 4.0 Lappspurv Calcarius lapponicus (Lapland bunting) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2008
Kjelder: Gyldendal store fugleguide: Lars Svensson og Peter J. Grant
Kommune: Areberg