Sidemeny+

Kyrkjevegen Skor-Øn

Posted on 20. jun 2006 by in Ferdsle, veg og sti

Utsikt frå Torgeirsletta

Mellom Skor og Øn i Hyllestad kommune er det eigentleg ganske langt, men går du den gamle kyrkjevegen får du ein fantastisk tur du seint vil gløyme. Pakk deg ei skikkeleg niste og noko godt å drikke, og prøv denne vegen du også.

Plassering i kart

Korleis kjem eg meg til Skor?
Kjem du frå Førde eller Dale, er det berre å køyre Rv 57mot Hyllestad, og det tek ikkje lang tid før du kjem til Skor. Skor ligg på grensa til Fjaler, og ligg derfor litt sentralt. Når du skal gå denne turen, tek du berre av opp ein liten grusveg mot Solås. Der køyrer ca. ein kilometer før du er ved enden av vegen. Då er det berre å sette fart opp mot skogen.

Er vegen godt merka?
Nokre stader er vegen litt dårleg merka, men du ser tydeleg stien. Når du kjem litt opp på fjellet, er det lettare å ta seg fram. Kvart år er det eit arrangement som vert avslutta med ei pilgrimsmess i Øn kapell der dei som vil, går denne turen samla. Kanskje det er lurt å nytte dette høvet første gong du tek denne turen?

Er denne turen tung?
Turen tek ganske lang tid, frå tre til tre og ein halv time, så det gjeld å utstyre seg skikkeleg. Du møter på både myr og skog på vegen opp, men samtidig er det ikkje ein frykteleg våt og tung tur. Nokre kneikar er der, så det er ein litt utfordrande tur.

Torgeirsletta
Høgdepunktet med turen vil eg sei er Torgeirsletta. Det er ein høg topp der du har utsikt over fjorden og veldig mange andre fjelltoppar, både i kommunen og i nabokommunane. Å stå på toppen er ein herleg og frisk opplevelse. Det er då du virkeleg ikkje angrar, og synest det var verdt turen opp.

Vegen ned
Vegen ned er ganske bratt, og du må gå i gjennom skog, men her er det godt merka. Turen ned er også ein fantastisk fin tur, og langs vegen kan du stoppe å nyte utsikta. Til slutt kjem du ned til det gamle Øn kapell.

CC BY-NC 4.0 Kyrkjevegen Skor-Øn av kamilla_systaddal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kamilla Systaddal, 2006
Kjelder: Eigne notat/opplevingar
Kommune: Hyllestad