Kulturkafe på Hyllestad skule.

Kvernhus i Skor
9. mai 2006 inviterte 9. klasse ved Hyllestad skule til kulturkafé for besteforeldre og foreldre.Føremålet var å samle inn små forteljingar og soger knytte til stader kringom i kommunen.
Plassering i kart
-Føremålet
Føremålet med kulturkafen var å gjennomføre eit trivselsskapande arrangement og samle inn mest moglege forteljingar om Hyllestad som vi kunne ta med oss vidare, og jobbe meir med så vi kunne få kjennskap til litt historie og kultur om kommunen vår.
-Menyen
Vi kunne sjølvsagt ikkje lage til kafé utan å servere noko. På menyen stod tre varmretta; grønnskasuppe, gulasjsuppe og torskerett. Alt saman svært viktig for å få foreldre i pratehumør, og besteforeldre til å mimre om det som ein gong var. Det vart veldig koseleg med mat og kaffi, og for å sette ein ekstra spiss på det heile, serverte vi rullekake som klassen hadde laga.
-Program
Programmet for kvelden var informasjon om Fjellatlas og klassen sin innsats på dette feltet, som tekstskriving, arbeidsmetodar og fotografering.
Under heile kafen kunne gjestane via prosjektør sjå bilete som elevane hadde tatt, og artikklar som elevane hadde skrive.
Opplegget varte i to og ein halv time, og gjestane, nærare 50 i talet, såg ut til og storkose seg heile kvelden. I ettertid har det ikkje mangla på positive tilbakemeldingar.
-
Kvernhus i Skor Foto: 9. klasse Hyllestad skulecbn
-
Fiolen min Foto: Kristina Robinsoncbn
-
Landskap frå Bjørnemyra under Lifjellet Foto: John Gerick Bårøycbn
-
Strandnellik i Bøfjorden Foto: Håkon Haukøycbn
-
Parti frå den gamle kyrkjegarden på Hyllestad Foto: Håkon Haukøycbn
-
Steinkross i berg knytta til bjørnehistorie Foto: Håkon Haukøycbn
-
Utsyn mot vest og Katlenova Foto: Charlotte Nordstrandcbn
Kulturkafe på Hyllestad skule. av kristina_robinson er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.