Sidemeny+

Kraftstasjonen på Horne

Posted on 20. jun 2006 by in Arbeidsliv, Vassverk

Anleggsåret er 1999; det skal no kome kraftstasjon til Horne. Vi måtte legge inntaket nesten øvst i elvegjelet, og der vart det bygd ei stor demme. Huset turbinane står i, vart og bygd i 1999.

Plassering i kart

Demma og stasjonen

I demma vart det plassert eit rør som kunne opnast når kraftproduksjonen skulle starte. Det er eit firkanta metallhol med gitter på. Derifrå renn vatnet ned til stasjonen og inn i dysa til turbinen. Frå demma går det store røyr ned til stasjonen og til eit metall rør som deler seg u i tre. Kvart røyr har så ein kran. Eitt røyr går til den store turbinen, eitt går til den heimelaga turbinen. Det siste røyret står berre der med krana lukka, og blir ikkje brukt utan om når vi skal reinse for stein etter det har vore mykje nedbør. Stasjonen har plass til 2 store turbinar og 1 liten. Stasjonen har 2 rom. Eine er turbinane i, og i det andre er det elektriske installasjonar som avlesingsmålar og sikringar.

CC BY-NC 4.0 Kraftstasjonen på Horne av hans_horne er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Hans Andre Rysjedal Horne, 20.06.2006
Kjelder: Kjell Horne-1965
Kommune: Horne