Karl Myklebust fortel om livet på Prestegarden før i tida.
Karl Myklebust vart født i 1905.
I 1931 vart Karl Myklebust eigar av bruk 3 : Garden, eit lite bruk under Myklebust eller Prestegarden som folk flest sa.
Kring 1980 gjennomførte elevar ved Hyllestad ungdomskule eit prosjekt som dei kalla «Korleis tek vi vare på jorda?» I den samanheng intervjua dei Karl Myklebust om liv og røre på garden då han voks opp.
Plassering i kart
Husmenn og plikter
I 1867 vart det vi i dag kallar Prestegarden kjøpt av ein dyrlækjar, og kyrkja på denne garden vart ferdig om lag i 1880. på garden var det husmenn som fekk byggja seg ei lita stove, men jorda åtte dei ikkje. Desse husmennene måtte arbeide på hovudgarden. Dei hadde ni pliktgardar kvart år; tre i kvar vinne. Myklebust kunne hugse at han i 1937 hadde pliktdagar på garden og fekk då tre kroner på betaling, og kost måtte han sjølv halde seg.
Dyrking av jorda
Jorda på Prestegarden var svært god, og det var vanleg å dyrke korn og poteter. Grønnsaker vart det dyrka lite av. Dei vanlegaste kornsortane var bygg og busthavre.
Kornet vart mala på eiga kvern som låg nedanfor Kvernhaugen. Denne kverna er i dag ramla ned, men Karl Myklebust har tatt vare på kvernsteinen, og sette dei opp i tunet sitt til minne om den tida som ein gong har vore. Området der Hyllestad ungdomskule i dag ligg, vart kalla Solskiva,
og der var jorda framifrå god.
Paktarane
Det var paktar som sytte for drifta av Prestegarden, og drifta kunne variere svært mykje alt etter dugleiken til paktaren. Garden vart driven fram til om lag 1950. Den siste som var paktar, var ein eventyrar frå Hardanger, som reiste før kontraktida var til ende.
Garden frå då til no
I dag er det lite som vitnar om gardsdrifta på Prestegarden på Myklebust.
Driftsbygningen er riven, og ny forretning er reist på dei tuftene.
Tidlegare dyrka jorda er nedbygd av skule, kommunehuset og leikeplass/idrettsbane.
Kornet og flatbrødet
Kar Myklebust fortalte også litt om livet på garden før i tida. Han skildrar korleis kornet vart skore, opphengd på staur, treskja og drøfta. Litt tid til å prate om flatbrødbaking vart det også tid til. Ved sida av havregrauten og havresuppa, var det flatbrød og spikesild som var kosten for den vanleg mannen. Flatbrøddeig vart laga i eit diger trau. Til og med føttene kunne verte tekene i bruk når deigen skulle knaast. Deretter vart deigen kjevla ut til store flater og steikt. Denne maten vart så lagt på stabburet eller i eldhuset til han ved høvleg stunder vart sette fram att.
Karl Myklebust fortel om livet på Prestegarden før i tida. av elisabeth_tveito er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.