Sidemeny+

Hagesangar (Hagesanger) Sylvia borin

Posted on 19. jun 2006 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Hagesanger

Hagesangaren finst nok fleire stader i Sogn og Fjordane, men han er fåtallig. Det er ein sky fugl som ikkje er lett å kome innpå. Dessutan syng han til forveksling likt munk som er ein vanlegare fugl i Nordfjord i alle fall.

Plassering i kart

Utsjånad
Hagesongaren er om lag 14 cm, og har eit vingespenn på 20-25 cm. så han er eigentleg ein ganske liten fugl. Han er gråbrun på ryggsida, og einsfarga. Gråkvit på undersida, men den har også brunare felt på undersida. Han har ikkje augestripe, og kjønna er like. Ein oppdagar oftast hagesongaren pga songen. Kvar del av den er på 3-10 sekund. Han syng frå lauvtre eller kratt til langt utpå sommaren. Ungfuglane har på seinsommaren ei litt brunare drakt enn dei vaksne. Hagesongaren tilhøyrer songarfamilien. Han kan bli oppimot 10 år gammal.

Hekking
Hagesongaren hekkar i lauvskogstrakter i heile landet. Det er flest av han i område i Sør-Noreg nær kysten og i indre delar av Austlandet. Reiret er av grasstrå med hår som fôr. Det ligg ofte ganske lavt over bakken i ei busk eller i høge urteplantar. Hannen byggjer fleire uferdige reir, og hoa vel ut eit og byggjer det ferdig.
Begge foreldra rugar på dei fire til seks egga i 12-14 dagar. Egga er kvite med brune flekkar. Ungane blir i reiret i 10-12 dagar.
Hagesongaren er ein trekkfugl. Trekkjer sørover i juli-september til Afrika. Returnerer frå midten av mai.

Mat
Han lever hovudsakeleg av insekt, men kan også ete litt bær. Insekt er også den maten ungane får tildelt i reiret.

CC BY-NC 4.0 Hagesangar (Hagesanger) Sylvia borin av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Holvik 2007
Klassetrinn: Anders Bergheim Holvik 8a1
Kommune: Lærdal