Sidemeny+

Gardslivet i gamle dagar

Posted on 20. jun 2006 by in Jordbruk

Foto: Håkon Haukøycbn

Almbakken - nedlagt gard mellom Handalen og Handalsstølane

Før i tida fanst det ikkje all slags mekaniske hjelpemidlar på gardane rundtom i bygdene. Dei som dreiv gardane, hadde lange arbeidsdagar med mykje slit og hardt arbeid.

Plassering i kart

Dagane byrja tidleg

Om somrane, når kyrne gjekk ute, gjekk nokon i marka allereie i seks tida, for då skulle kyrne mjølkast. Det var ikkje fast kven som gjekk, så dei bytte på det frå gong til gong. Det var eit stykke å gå, og særleg heimturen var tung. På veg inn i marka hadde dei med seg ei bøtte, eit tomt hylkje på ryggen og salt og fiskebein til kyrne, men på heimvegen var hylkje fylt med mjølk som skulle berast heim i kjellaren for å separerast. Når dei sepererte skilde dei mjølka frå fløyten. Av fløyten kinna dei smør og ev. brukte dei den og mjølka til å lage ost. Mjølka blei brukt til matlaging m.m. Kyrne blei mjølka to gongar for dagen, så budeiene måtte inn att i marka også seinare på kvelden.

Alle måtte hjelpe til

Dagane byrja tidleg også for resten av gardsfolket. Tidleg om morgonen var det ut å slå med ljå, eller med slåmaskin som hesten drog. Før hadde nesten alle gardsbruk hest, som var til stor hjelp i arbeidet. Han kunne brukast når dei pløgde, når dei slo, eller som framkomstmiddel. I dag vert hesten på mange område erstatta av nyare mekaniske hjelpemidlar, og det er få hestar som vert brukte til anna enn riding. Etter dei hadde slått eit stykke eng, såg dei vêret an, og bestemte så kva dei skulle gjere med graset. Anten hesja dei graset, eller så turka dei det på voll. Først på 1930-talet blei det vanleg å bruke silo til andre slåtten. Men før den tid, slo dei med både langorv og stuttorv, som vart slipte om kveldane. Alle måtte hjelpe til, så det var mange ljåar på gardane. Om hausten lauva dei av skogen og laga til lauvkjerv som dei brukte som tillegssfor til sauene om vintrane. Dei hadde korn og poteter, og om hausten blei kornet skåre i hop og anten hesja eller sett på staur. Potetene blei også tekne opp om hausten, og var standard kost til dei fleste måltid.

Hesjing og turking på voll

Før i tida pleidde ein altså ofte å hesje eller turke graset på voll. Når dei hesja, rista dei graset før dei hengte det opp på strengar på hesa. Strengane var bundne mellom trestolpar som var sette nedi marka. Graset hang på hesa heilt til det hadde turka. Det kunna ta frå berre nokre dagar eller opp til to eller tre veker. Når dei turka på voll, breidde dei graset og let det ligge på marka og «tonne» i sola. Når det hadde lege ei stund, snudde dei det med høygafflar og river. Dei rista det godt så at alt graset kom opp i sola. Når alt var turt, hadde dei det inn på låven ved hjelp av gode gamle hestekrefter. Rivene før i tida var heimelaga, og ikkje av plast, men av tre, og dei måtte ofte reparere avbrotne tindar seint på kveldane.

Fisking

Før i tida nytta dei gardane som låg nært vatn eller sjø, seg godt av ressursane der ifrå. Dei som budde ved sjøen, var ofte fleire gongar om dagen ute og såg i nota. Nokre stader selde dei fisken til kjøparar i byane. Motorbåtar kom og henta fisken ein gong for dagen, og dei overførte den ofte direkte frå båt til båt midt ute på fjorden. Det var eit slit å skulle vere fiskar og gardsbrukar på same tid, men når dei kom heim att, var det nok herleg å kjenne lukta av god mat som husmødrene hadde laga medan dei var borte.

CC BY-NC 4.0 Gardslivet i gamle dagar av yngvild_sognnes er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Yngvild Åm Sognnes/2006
Kommune: Sognnes