Sidemeny+

Eg elskar Hyllestad

Posted on 15. jun 2006 by in Immateriell kulturarv

Foto: 9. klassecbn

Lifjellet

Olav Bruknapp var ein omtykt sokneprest i Hyllestad. Han budde på prestegarden Myklebust frå mai 1957 til mai 1967. Ved sida av å vere ein omtykt sokneprest, var han ein ivrig politikar og ordførar. Han sat i ordførarstolen i Hyllestad frå 1. januar 1960 til 1. april 1966. Bruknapp kjempa også for å betra kommunikasjonen i kommunen, og fekk fullført vegen mellom Øn og Hyllestad, og starta utbygginga av Rysjedalsvika som trafikknutepunkt i Ytre Sogn.
Nedanfor følgjer ein song har skreiv om dei ulike grendene i Hyllestad.

Plassering i kart

Melodi: Blant alle lande…

Eg elskar Hyllestad, bygda mi
Med gar og grunn og med lund og lid,
Med grøne grender og lyse strender
Ved sumartid.

Då sola strålar frå himmel rein
Og bekkar surlar kring stuv og stein,
—- sjå dogga glitrar, høyr fuglar kvitrar
Frå grøne grein!

Du ligg så fagert ved fjord og fjell,
Der blåveis blømer i bakkeheld.
I lune lier det gror kring stier
Ved tun og tjeld.

I Øen-bygda så ljos og lett,
Der lyser venleik frå kvar ein plett,
—- der fann dei fagnad og lukkelagnad
Frå ætt til ætt.

Fylg Øna-vegen til Hyllestad,
Og sjå på bygda ved solarglad
—- då alvar dansar i raude kransar
Og syng sitt kvad.

Frå djupe fjorden stig Lifjell opp
Der «Havørn» stanga mot fjellartopp.
Det small i nuten mot stolte guten,
Som slik sa: stopp!

Og Leirvik-bygda ved elveos,
Dit feite laksen han set sin kos,
Der båtar byggjest og folk seg hyggjest
—- vi gjev vår ros!

I desse bygder vår ætt har butt,
Her har ho slite og heim seg rudt.
I tider lange og kår så trange
Ho streva trutt.

Frå Himlens Herre kom signing ned,
Gav kraft og lukke og hjartefred.
I onn og yrkje i heim og kyrkje
Vår Gud var med.

Vi takkar far og vi takkar mor
For barneheim og for fedrejord,
For tru og tryggje og heimehyggje
—- ein av så stor.

Så vil vi vyrdsle vår moder-jord
Og gjera bygda vår sterk og stor.
Alt vondt skal røme, alt godt skal bløme
I våre spor.

CC BY-NC 4.0 Eg elskar Hyllestad av øystein_rønneseth er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: 9. klasse - 2006
Kjelder: Olav Bruknapp
Kommune: Hyllestad