På GeoAtlas finn du tverrfaglege artiklar publisert av studentar, elevar og lærarar. Tema kan vera henta frå naturen, historia og kulturen dei omgir seg med. Les meir om GeoAtlas.
Prosjektet er no avslutta og det er ikkje lenger mogeleg å registrere seg som brukar og opprette eller redigere artiklar på GeoAtlas.
Den gamle vatningsveita på Hov.
Alle bruki på Hov og Øybøen var med på veiti, og ho skulle vera laga i den tid det var 4 bruk på Hov. Arbeidet vart gjort på dugnad og dei brukte ein sommar på å få veita ferdig. Veitene vart bygde med hakke og spade, med handmakt som dei sa.
Plassering i kart
Vatning med reker.
Enkelte plassar måtte dei bruka trerenner der det var ur eller elvegrande, for der ville vatnet forsvinna ned i grunnen. Når dei vatna, så sleppte dei vatnet ut over kanten på veita og let det fløyma utover og, hjelpte også til med ein spade eller ei trereka som vart laga til det bruk. Vatnet vart veita ut over marki og skvett med reker på marki frå dammar som vart oppdemde. Den gongen hadde dei ikkje røyr eller slangar til vatnet. Heile Hov hadde rett til å finna vatn i veita.
Vedlikehald
Inntaket til veiti var ved utgarden til fremste bruki. Alle var med på vedlikehaldet men ikkje lenger enn på kvar sin eigedom. Veiti skulle ryddast kvar vår. Det skulle gjerast til 14. april. Var det lite vatn måtte det avtalast kva dagar kvar kunne vatna på sin eigedom. På Botolv sin eigedom gjekk veiti der som kummen er i marka med Kolbeinane og vidare heim nett mellom fjøsen og vegen og vidare til merket med naboen 50 m over vegen..
Korntresking og sagbruk
På Hansgarden og Botolvgarden hadde dei overvasshjuler som dei treska korn med. Botolv dreiv også sagbruk med vasshjula. Dei skar fruktkassar, også til sals. Desse hjula var 3 m i tverrmål og 40 cm breie med skuffer, så det var vasstrykket i skuffene som dreiv hjula rundt. Tyngda av vatnet dreiv hjula.
Ny veit
I 1937 vart det planlagt og opparbeidd nytt vassverk for Hansgarden. Vatnet vart teke i Øybøgilet, men vasstilgangen her var dårleg og skulle fleire gardar på Hov få sikker vatning, måtte ein fram i Tverrelvi.
Planleggjing av ny veit
I 1956 tok Botolv Hov opp tanken om å byggja vassverk for heile Hov frå Tverrelvi og nedover. Hans-garden hadde vatning frå før, men det var så lite vatn i Øybøgjelet at det kopla dei ut og vart med på den nye veiti. Det var såleis Hans-garden, Kolbein-garden og Botolv-garden som dreiv fram arbeidet med nytt vassverk. Seinare kom også Lasse Tretteteig med på prosjektet. Dei byrja planleggjinga i 1956, og det blei bestemt at dei skulle flytta veita opp over utmarkagarden med inntak i Tverrelvi. Veita gjekk då heim over alle gardar og hadde røyruttak for kvar eigedom. Fylkesagronomen skulle utarbeida kostnadsoverslag over vassverket. Men arbeidet vart sett i gang straks, så veita var halvveges opparbeidd då kostnadsoverslaget kom.
Vanskeleg terreng
Grunnen var vanskeleg slik at det måtte lagast ei 60m lang trerøyr i impregnert materiale i inntaket. Deretter var grunnen så tett at vatnet kunne gå i veita vidare nedover. Over Øybøgilet vart det planlagd ei 40 m lang trerenne. Vidare er det opi grøft til merket mellom Olav K. Hov og Mikael Hov. Deretter går vatnet i slange langs veita. Det er lagt røyr ned til eigedommane slik at ein får nytta vass-spreiarar.
Eit stort dugnadsarbeid
Det vart utført 306 dagsverk på dugnad. Dette vart verdsett til kr 32 pr dag, tilsaman 9792 kr. Elles kosta heile vassverket inklusiv dugnad kr 26816. Av dette fekk dei 5000 kr i tilskot.
Veiti var førd heim til inntaki for røyrene den 13/4 1959 og spredarane gjekk på ettersommaren same året. To år seinare var det også opparbeidd veit ned på Nesta-Hov slik at då var også dei med på vass-verket.
Forfattar: Lena Skogheim, Anne Marie Øyri m fl. 2006 Kjelder: Olav K. Hov, Botolv Hov, Eit prosjekt om vatningsveitene i Fresvik, mellomtrinnet 2002-03. Kommune: Fresvik