Sidemeny+

Toppand

Posted on 25. mai 2006 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Toppandpar

Toppand høyrer til dykkendene innanfor andefamilien. Anda dykker altså etter mat og liknande. Ho er mest vanleg i Nord-Noreg her til lands. I Gloppen er toppanda observert med ungar i ei lita tjørn i Nordstrand-fjella.

Utsjånad
Toppanda er ei ganske lita and. Ho er mellom 41 og 46 cm lang, og har eit vengespenn på 65-72 cm. I sommardrakt er hannen mørkebrun, med litt lysare brun på sidene, og fjørtoppen er litt mindre enn om vinteren. Om vinteren er nemlig denne toppen stor, og heng heilt frå toppen av hovudet og ned i nakken. I denne drakta er hannen heilt svart, og har kvite sider i denne drakta. Hovudet er i ein skinnande purpurliknande farge.
Hoa er lysare. Kroppen er mellom mørkebrun og mellombrun, og sidene er litt lysare. Ho har òg ein fjørtopp, men denne er vesentlig mindre enn hos hannen. Begge kjønn har gule auge og lysegrått nebb med svart tupp.

Hekking
Toppanda held seg ved næringsrike ferskvatn. Er mest vanleg i Nord-Noreg, men er òg i Sør-Noreg. Her var den mest i høgare området, men no er det meir spredt. Nokre held seg langs kysten om vinteren, mens nokre trekker til Sørvest-Europa i september-november. I andre land held ho til ved Sverige sin austkyst, i delar av Danmark, Finland, Island, Dei britiske øyer, Russland og spredt i sørlege delar av Europa. Toppanda hekker gjerne saman i koloniar, ofte saman med måsar eller terner. Då ligg reiret i ope område. Om ho ikkje hekkar saman i koloniar, gøymer ho reiret i tett vegetasjon.
Hoa legg mellom seks og 12 egg, som ho sjølv ruger i 23 til 25 dagar. Hannen forlèt hoa når egga er lagde.

Mat
Toppanda lever av blautdyr, små krepsdyr, insekt og vassplanta som den finn under vatn.

CC BY-NC 4.0 Toppand av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anders Bergheim Holvik 9a1 2008
Kommune: Sandane