Svartstrupe Saxicola torquata.
Svartstrupe vart fyrst observert etter 1970 på Vestlandet. Innvandring frå Dei britiske øyane. Fyrste hekkefunn på Sotra i 1974. Seinare er det gjort hekkefunn nordover frå Lista til Nordmøre.
Plassering i kart
Utsjånad
11-13 cm lang. Heile hovudet til hannfuglen er svart; stor kvit flekk på halssida. Brystet er oransje. Overgumpen er brun og mørkflekka. Svartstrupe liknar på buskskvett både av utsjånad og adferd.
Hofuglen manglar dei svarte partia vi finn hos hannen. Ho har lyst brunt bryst og litt mørkare vinger.
Hekking
Svarstrupe er ei forholdvis ny art i landet vårt. Han held seg helst ut ved kysten. I 2006 fann eg ein hekkeplass i Selje. Bilde viser både dei vaksne og ein av ungane. Likar seg best i ope terreng med lyng og låg vegetasjon. Reiret (mai-juli) ligg på marka, gjerne i ei tue. 5-6 egg som vert ruga på i 14 dagar og ungane forlet reiret 16 dagar gamle. Svartstrupen kan ha 2 kull. Trekkfugl som lever av insekt.
Svartstrupe Saxicola torquata. av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.