Sidemeny+

Makrellterne Sterna hirundo. Common tern

Posted on 18. mai 2006 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Makrellterne

Makrellterna har minka i antal langs heile kysten. Dette fenomenet gjeld og i Sandaneområdet. På 1980-talet var det ganske mange makrellterne som hekka i koloni på eit av skjæra i Selvågane. Etter kvart kom hettemåka og overtok hekkeplassen til terna. I dag er det sikkert omlag like mange hettemåker i Selvågane som det før var makrellterner. Dette sjølv om det mange stader minkar dramatisk på hettemåka.

Plassering i kart

Utsjånad
Ca. 35 cm både hann og ho. Dei er ganske like av utsjånad. Flink flygar som kan stå stille i luft som ein tårnfalk. Plutseleg styrtdykkar ho. Kan forvekslast med rødnebbterna. Oversida er lys gråblå og svart hette. Kvit underside og raude, korte bein.
Lyd: kitt, kitt, kirri. Varselrop: kriii-ææ

Hekking
Hekkar nord til Lofoten, og kan hekke ved ferskvatn inne i landet. Kolonirugar som legg reiret på sandstrand, fjellgrunn, lyngmark ol. 2-3 egg i mai/juni. Fargen er frå lyst grå til olivenbrune eller grønaktige med svarte flekkar. Hann og ho deler på ruginga som varer i 21-23 dagar. Ungane er flygedyktige etter 21-23 dagar.

Trekkfugl
Flyttfugl som kjem i april/juni og reiser til Afrikas vestkyst i juli/september.

s

CC BY-NC 4.0 Makrellterne Sterna hirundo. Common tern av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2006
Kjelder: Våre fugler Svein Haftorn
Kommune: Sandane