Sidemeny+

Kryss grenser: Frå Heggebø til Hellebø

Posted on 5. mai 2006 by in Landskap

Foto: Håkon Haukøycbn

Velhaldne stølshus på Hellebøstølen

Fjelltrim er populært i Ytre Sogn. Då er det gjerne full fart til topps, og endå fortare i nedoverbakkane. Nødvendigvis må det ikkje vere slik. Her kjem eit turframlegg som du kan nye frå ende til annan, og det høver både for liten og stor fjellvandrar.

Plassering i kart

Først ferd mot sør

Folk flest i området har ferdast vegen frå Heggebø mot Sauesnuken og Litlelia og inn til Heggebøstølen. Her har du fantastisk utsikt mot vest og Sognesjøen, og i godver ser du lett nokre plattformer i Nordsjøen.
Vidare frå Heggebøstølen vandrar du no rett mot sør; over Mangetjønndalen og mot Hellebøheia , 575 meter over havet.

Trimpost

Har du augo godt med deg no, og ikkje berre er oppteken av storfelt utsyn, vil du oppdage ein varde med ein trimpost litt under deg, om lag på 500 m.o.h. Det heilt er forseggjort arbeid der trimboka ligg i ei velforma steinkiste. Det er Lavik IL som har trimpostar i dette området.

Merka sti vidare

No er det lett å finne ferdavegen vidare. Stien er godt merka, og etter knapt ti minuttar er du på Hellebøstølane. Utsikta mot aust, sør og vest er framleis like vakker. På vegen ned mot Hellebø og Sognefjorden er det mange detaljar å merke seg. Tenk over kor godt stien fell inn i det bratte terrenget, og somme stader verkar furuskogen både gamal og trolsk.
Det er nok hardbalne hender som mange stader litt etter litt har lagt stein og steinheller høveleg på plass for å gjera stølsvegen mindre tung.

God tur !

CC BY-NC 4.0 Kryss grenser: Frå Heggebø til Hellebø av Håkon Haukoy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Håkon Haukøy - 2006
Kjelder: Eigne opplevingar
Kommune: Hyllestad/Lavik