Sidemeny+

Bakkaveiti i Fresvik

Posted on 3. mai 2006 by in Jordbruk

Bakkaveiti er den lengste veita i Fresvik. Ho er truleg opparbeidd før 1850, kanskje er ho så mykje som 200 år gammal. Veita var i bruk til rundt 1950.

Plassering i kart

Trase
Inntaket til Bakkaveiti ligg nedunder garden på Otterhjell, i Skardselva. Veita kryssa vegen ved Åvasvingen, og rann vidare nedover i Solalid, til ho enda i Dragaskaret, ca. på kote 60, straks nedom brønnen ved Høgheim Vassverk. Herifrå delte dei vatnet, slik at halvparten av vatnet kunne brukast av bruka som låg til den delen av Bakkaveiti som gjekk nordover. Den andre halvparten rann så vidare nedover i Dragaskardgroi, og vart fordelt utover dei eigendommane som låg inntil groa. Men var det lite vatn, så måtte dei bytast på å vatna.

Vatning og drikkevatn.
Ein trur at denne veita var opparbeidd før dei flytta frå gamletunet. Det skulle vera 7 bruk på Høgheim, Bøthun, Bjørnetun og Skau som kosta veita. Bakkaveiti var nok ikkje berre ei vatningsveit. Ho skulle også gjera ein annan nytte. Mange av brønnane på Høgheim ville stundom verta tørre når det var lange tørkeperiodar. Men når dei sleppte heim vatn i Bakkaveiti, kom det vatn att i brønnane. Bakkaveiti var i bruk fram til rundt 1950.

Storesvensken.
Det var ein dei kalla Storesvensken som tok på seg arbeidet med å grava Bakkaveita. Og betalinga var avgjord før arbeidet starta. Storesvensken skulle ha 7 tønner korn for arbeidet. Då det i alt var 7 bruk som var med på dette, skulle kvar betala ei tønne korn. Sjølv om bruka nok ikkje var like store, skulle alle betala det same. Det var nok og slik at alle gjorde seg ikkje like mykje bruk av veita. På eitt av bruka som var med, Skau, vart ikkje veita ført heilt fram. Dette bruket var det einaste som ikkje nytta retten sin til vatning.

Nytt vatningsverk
Bjørnetun g.nr 140/10 bygde for nokre år sidan ut vatningsverk. Då vart røyrleidningane i grove trekk lagde i den gamle traseen for Bakkaveita. Men den øverste delen av veita vart teken i bruk att slik som før i tida. Men eit par hundre meter nedanfor Åvasvingen går no vatnet inn i ei tønne og så vidare i røyrer langs den gamle Bakkaveita.

CC BY-NC 4.0 Bakkaveiti i Fresvik av Bjarne Bjørkevoll er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anne Marie Bøtun Øyri, 2006
Kjelder: Ditches in Fresvik, a project written by 5-7 class, Fresvik school 2002-2003.
Kommune: Fresvik