Sidemeny+

Balestrand Gamleheim

Posted on 28. apr 2006 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

Foto: Ukjendcbn

Balestrand Gamleheim i sine yngre dagar.

På garden Sande, blant gamle, ærverdige villaer ligg eit stort, kvitmåla hus. Dette var tidlegare Balestrand Gamleheim som opna i 1920. Før den tid hadde det vore vanleg at dei eldre i familien budde i eigne kårhus på gardane. Der vart dei tekne hand om av borna sine, som hadde teke over gardsdrifta. Verre var det med dei eldre som ikkje hadde så mange til å ordne for seg. Desse vart ofte einsame og hadde det vanskeleg både fysisk og psykisk. Då kunne ein gamleheim kome godt med. Fram til 1977 var dette møtestaden mellom gamle og unge i bygda.

Plassering i kart

Dei første planane
I byrjinga av 1900-talet byrja ein for alvor å tenkje på ein heim for dei gamle i Balestrand. Den 26. september 1915 kalla Alida Tornøe med nokre fleire saman til folkemøte om dette. Møtet vart halde på Sagatun skule. Det var mange som møtte fram, og dei vart samde om å ta til arbeidet for gamleheimen. På møtet valde ein også ei arbeidsnemnd. I denne nemnda sat 9 personar med Alida Tornøe i spissen. Lærar Torstein Oppedal vart vald til formann. Eit av dei første spørsmåla var kven gamleheimen skulle byggjast for. Skulle den berre vere for dei eldre i Tjugum sokn, eller skulle Vangsnes og Fjærland også vere med? Soknene Vangsnes og Fjærland høyrde på denne tida til Balestrand kommune. Dette var hovudtemaet i fleire nemndsmøte og eitt møte for bygdefolket elles. Til slutt vart det avgjort at gamleheimen skulle byggjast for soknene Tjugum og Vangsnes. Men ingen kan byggja noko utan økonomiske midlar. Det neste ein måtte gjere, var å skaffe midlar nok til å setje i gong bygginga av ein ny gamleheim.

Bønehusfolket og gamleheimsfolket
Men kvar skulle ein få tak i midlar? På den tida, då som no, var Balestrand ein blømande turiststad. Ein rekna med at ein kunne hente litt pengar derifrå. Andre moglege pengegjevarar kunne vere dei høgtståande villaeigarane. Dessutan ville nok bygdefolket yte ein del pengar i tillegg. Arbeidsnemnda sende rundt eigne lister der folk kunne skrive på eventuelle gåver. Det vart også halde basarar kvart år for gamleheimen. Folk var svært rause med gåver, og den 4. oktober 1917 hadde dei fått inn 9747 kroner. Dette var meir enn venta, særleg med tanke på at ein også samla inn pengar til bønehus samstundes. Bygdefolket var i ein periode delt i to, det såkalla ?bønehusfolket? og ?gamleheimsfolket?.

Ei høveleg tomt ved fjorden
No var det berre ei tomt til heimen som mangla. Gardane utover langs fjorden var ikkje særleg store, så dei rekna ikkje med å få tomt der. Dessutan hadde gardeigarane allereie selt eigedomar til villatomter. Men ein merka seg garden Sande. Denne var til sals, men ein frykta at prisen vart for høg. Men då ein ikkje såg nokon anna løysing, måtte ein likevel høyre kva eigaren skulle ha for garden. Edgar Allan Ashcroft, grunnleggjaren og eigaren av Vadheim Elektrochemiske Fabriker i Vadheim, budde då på Sande. Han opplyste at ein salssum ville kome på 16 000 kr. Dette fann arbeidsnemnda særs rimeleg. Med omkostnader og renter kom det heile på 16 800 kr. Tomta var på 6-7 mål jord, og der var eit flott bustadhus bygd i 1855 samt ein del uthus.

Ombygginga
Sjølve hovudhuset vart påbygd og ominnreia etter teikningar av arkitekt Henrik Halding i Bergen. Bygningsmann Ola Midtnes og faren Bendik, Hans M. Bale og Harald A. Balevik stod for bygningsarbeidet. Uthusa vart også vøla, og etter at arbeidet var ferdig vart bygningane takserte til 42 900 kr.

Opninga
Den 10. oktober 1920 vart Balestrand Gamleheim offisielt innvigd. Det var folkefest med så mange frammøtte at ein måtte vera ute i hagen. Talar vart det òg, det sytte klokkar A. M. Sundal, stortingsmann Per Hovland og lærarane Ivar Mundal og Torstein Oppedal for. Vêret var flott, og det var ein gledas dag for alle. Denne dagen flytta dei 7 første pasientane inn i det som frå no av var heimen deira.

Amerikansk støtte
Gamleheimen vart driven med private midlar, gåver o. l. Den amerikanske miss Gertrude Abbott, som budde i villa Balderslund, var ein sentral person ved gamleheimen. Ho budde i Balestrand om sommaren og reiste attende til Amerika om hausten. Før ho reiste sørgja Styret for gamleheimen for å halde basar. Der var miss Abbott fast gjest, og etterlét seg ein heil del pengar. Ho gav også gåver utanom desse arrangementa. Kvar 17. mai gjekk folketoget oppom gamleheimen. Då samla ein seg på plenen nedanfor huset, og det var talar og song.

Overtaking og fråflytting
I 1970 tok Balestrand Kommune over drifta. To år før hadde fjøsen, som også inneheldt løe, brent ned. Gamleheimen var i drift fram til august 1977 då ein flytta til det nybygde Balestrand Helsetun. Etter utflyttinga vart bygningen utleigd til private leigetakarar før han vart ståande tom. Balestrand Kommune nytta den også ei tid til lagerbygning.

Skampletten i Balestrand
Etter fleire år med forfall vart den tidlegare så flotte bygningen mykje omtala i media. Huset var det store ?irritasjonsmonumentet? i bygda, og det var mange ulike meiningar om kva ein burde gjere. Nokre ville rive det, andre ville brenne det og atter andre ville selje det til interesserte kjøparar. Det var mangt eit oppslag i lokalavisa, og ?gamleheimsaka? var kjend langt utanfor kommunegrensene. Til sist vedtok kommunen at bygningen skulle seljast. Det var fleire interesserte kjøparar. Til sist vart huset selt til Svein Ottar Andersen i 1989. Det er framleis i privat eige.

CC BY-NC 4.0 Balestrand Gamleheim av Bjarnhild Samland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Alexander Rauboti, 2006
Klassetrinn: 9.klasse
Kjelder: Laberg, Jon: Balestrand. Bygd og ætter. Bergen 1934 Urtegaard, Gunnar: Balestrand. Ættesoge, bind 2. Balestrand 1991 Lensmannsarkivet for Balestrand: Branntaksprotokoll 1866-1921
Kommune: Balestrand, Sande