Sidemeny+

Ved Styvisdalsvatni

Posted on 31. mar 2006 by in Arbeidsliv

Foto: Anne Marie Bøtun Øyricbn

I dette skaret like bak synsranda ligg to av dyregravene. Styvisdalsvatnet like bak. Den tredje grava ligg midt på biletet.

14 dyregraver på ein kort strekning. Ved utløpet av Styvisdalsvatni ligg det tre dyregraver på eit lite område. Dei har tydelege beiemurar og sperrar eit lite skar som dyra må gjennom enten dei no kjem frå Huldabotn eller ovanfrå fjellet der dei andre gravene ligg.

Plassering i kart

Det verkar som dette kan vera ein del av eit samanhangande systen av dyregraver som er lagde i ei naturleg trekkrute til reinen. På ein forholdsvis kort strekning finn me heile 14 dyregraver som til saman truleg har utgjort eit effektivt fangssystem. Storleik på dyregravene. Gravene ved Styvisdalsvatni har mykje same måla. Den eine er 1,5m djup, 1,5m lang og 50cm brei. Den andre kan vera noko attkasta eller samanrasa. Ho er no berre 1,2m djup medan lengda er 1,3 og breidda 50cm. Desse to gravene er altså noko smalare enn dei andre gravene på ryggen over Styvisdalsvatni. Plassering Gravene ligg med ca 20m avstand og rundt 100m frå vatnet. Murane går mot fjellsidene på begge sider av søkket og også 2-3 murar mot vatnet slik at reinen er nøydd til å trekkja ned dalsøkket i staden for bort langs vasskanten. Gravene er bundne saman med to beiemurar som går frå to hjørne på den eine grava til to hjørne på den andre. Dette for at dyr som kjem både opp og ned dalen skal bli leia inn mot gravene. Det ligg også ei tredje grav her. Ho ligg litt nærare Varden, men står ein på haugen til venstre for dei to andre, vil ein leggja merke til ho. Ho er ikkje så tydeleg som dei andre, truleg attkasta eller samansigen, og beiemurane er svært utydelege. Ligg kanskje 100m frå dei andre.

CC BY-NC 4.0 Ved Styvisdalsvatni av Bjarne Bjørkevoll er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anne Marie Bøtun, 2006
Kommune: Fresvik