Vardane

Ei mengd steinheller er reiste på høgkant.
Høgste punktet på den gamle stølsvegen mellom Breidalen og Bakka blir kalla Vardane. Ein må opp i ei høgd på ca 1350m, men vegen krokar seg fint opp den siste stigninga mot skaret. Det er tydeleg at han er lagd med omtanke for at bufarevegen skulle bli lettast mogeleg både for folk og beist.
Plassering i kart
Bogastille. Etter ein times gange er ein kommen opp til siste snøfonna før skaret. Like under fonna 3-4 m til venstre for gangvegen ligg det to bogastille med skotretning oppover. Oppe på ryggen til høgre ligg 3-4 til, og litt opp i ei urd mot snøfonna ligg ei djup dyregrav som har fanga dyr på veg ned frå Vardafjellet ned til Vardane. Vardane. Oppe i skaret står det ei mengd avlange steinar reiste på høgkant. Det ser også ut som det kan ha vore murar inn mot nokre av dei. Me veit ikkje sikkert kva som har vore hensikta med desse steinane. Sjølvsagt kan det vera steinar som er oppreiste til merke i stølsvegen på same måten som folk bygde vardar. Ei anna forklaring kan vera at dei har samanheng med reinsfangsten. Me veit at det blei brukt skremmesteinar for å få reinen til å trekkja i rett retning. Desse blei oppsette på høgdedrag slik at reinen kunne sjå dei mot synsranda, og trekte unna. Kan steinane i dette området ha hatt ein slik funksjon? Store fangstanlegg. I Sendebotn ligg eit større fangstanlegg med kanskje 50 bogastille, to dyregraver og steinringar lenger nede i dalen. Bogastilla held fram inn mot Vardafjellet. Over Vassbotnvatnet ligg 2 vanlege dyregraver, ei dobbelgrav og svært mange bogastille fordelte på to dalsøkk. Øvst i Gravbotnen ligg 4 dyregraver samla på 10-15 m. Difor har nok passasjen mellom Sendebotn og over Vardane mot Vassbotnvatnet og Gravbotn vore sentral. Det er ikkje usannsynleg å anta at dei oppreiste steinblokkene på Vardane har hatt ein funksjon under reinsfangsten.
-
Ei mengd steinheller er reiste på høgkant. Foto: Anne Marie Bøtun Øyricbn
-
Nokre av hellene er temmeleg store. Foto: Anne Marie Bøtun Øyricbn
-
Grava ligg i ei bratt urd og ein stor stein har sige ned i kammeret. Foto: Anne Marie Bøtun Øyricbn
-
Grava ligg i høgre biletkant like ved snøfonna Foto: Anne Marie Bøtun Øyricbn
Vardane av Bjarne Bjørkevoll er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.