Skidag for Gloppen ungdomsskule

Ørjan Midthjell 8c i eit elegant hopp.
Gloppen ungdomsskule hadde tradisjonen tru skidagen sin på Utvikfjellet i år og. Det var fine forhold både for dei som rende på brett eller alpinski i det nye skitrekket, dei som gjekk turen over fjellet til Kleivane skisenter i Fjellbygda og for dei som gjekk skitur til Fløtravarden. Nokre gav seg god tid og åt nista si på Fløtravarden. Den siste gruppa fekk også denne opplevinga. Godt skildra av ein 8. klassing.
Plassering i kart
REIN & SVEIN
Himmelen er lyseblå og klår. Vinden piska friskt og kaldt mot oss. Det glinsar i den friske snøen, som ligg som eit teppe rundt oss på alle kantar.
Vi gjekk der lo, prata og stotra oss fram mot Fløtra varden. Plutseleg ser vi eit einsamt skispor som går rett ut av den breie løypa vår. Vi fylgjer skisporet med auga og får auge på Svein. Svein smyg seg sakte bortover, han har det geniale kameraet sitt i hendene og knipsar eit bilete i det ein «knagg» kjem til syne. Vi tar eit par steg oppover for å sjå tydlegare kva det er, og så er dei der, 33 store og vakre dyr med store horn på hovudet, det er reinsdyr. Svein smyg seg nærmare for å ta fleire bilete av dei.
Men no har dei visst fått nok av bileta hans og dei traskar vidare og etterlet seg kunn ti-tusen vis av spor igjen på bakken. Reinsdyra er vekk, og vi trakkar fornøgde vidare på ferda vår mot varden.
-
Ørjan Midthjell 8c i eit elegant hopp. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Robert Løtuft i eit luftig svev Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Reins-simle. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Nokre rende slik. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
Skidag for Gloppen ungdomsskule av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.