Sau
Eit viktig dyr
Sauen er ein del av livet vårt enten vi vil det eller ikkje. Vi et kjøttet, vi brukar ulla til klede og sauen er med på å prege naturlandskapet i Gloppen. Kor mange gonger har ikkje du sett sauer stå og beite om sommaren? Sauen er vel det første dyret barn lærer namnet på, og ikkje kom her å sei at du ikkje kan sangen bæ, bæ lille lam.
Plassering i kart
Berre prøv å forestille deg Gloppen utan sauer!
Vi tar ofte sauen for gitt, men, saman med geita, er den eit viktig dyr for komunen vår.
Vi har mange fleire sauar her i landet om sommaren, enn om vinteren. Det er mange grunnar til dette. For det fyrste slaktar vi sauane om hausten, for det andre er det mange sauar som ikkje kjem heim att etter sommarbeite. For det tredje er lamminga om våren.
Sauen- eit dumt dyr?
Mange tenker at sauen er eit dumt dyr, men er dette sant?
Ein australsk forskar fekk nokre sauar til å gå gjennom ein labyrint for å finne vennene sine.
Det gjekk betre og betre for kvar gong, sauene hugsa kor dei hadde vore og lærte å finne vegen fortare etterkvart. Kanskje sauene ikkje er så dumme som vi trur?
Litt sauehistorie
Saman med geita har sauen vore det viktigaste husdyret på mangt eit brattlendt og skrint småbruk. Kaptein Ditlev Fredirik Tillisch var ein pionér innanfor saueavl i Sogn og Fjordane. I 1870-åra innførte han sauerasen cheviot i fylket. I lang tid skulle dette bli den dominerande suerasen her.
På midten av 1800 talet var husdyravl først og fremst ein overklasse sport. Først omkring 1870 byrja vanlege bønder å interessere seg for saueavl.
Nokre oppskrifter
Som tidlegare nevnt er sau mykje brukt i mat. Mange tradisjonelle norske rettar er laga av sauekjøtt. Vi har mellom anna fårikål, smalahove, pinnekjøt og vi brukar fenalår som tilbehør til rømmegraut.
Har du no fått eit nytt syn på sauen? Han er jo eigentleg eit ganske fint dyr. Og så er det jo litt koselig når ein kan sjå den ute på beite om sommaren
-
Søye med tvillingar. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Svart lam innramma i netting. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Ein sjelden gong kan du sjå dette. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Sauesanking. Foto: Lars Oddvar Bjørkelandall-rights-reserved
Sau av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.