Sidemeny+

Hjortegraver på Trollsgjelholten.

Posted on 31. mar 2006 by in Arbeidsliv

Foto: Anne Marie Bøtun Øyricbn

Me ser her vatnet på Trollsgjelholten. Det ligg ei dobbel dyregrav i venstre kant av vatnet og på høgre kanten i urda ligg ei anna grav.

Dei fleste dyregravene i fjella rundt Fresvik er reinsgraver. Dei ligg som regel over 1000moh oppe på snaufjellet. Men det har også vore graver for hjortefangst.

Plassering i kart

Me veit at ved gangvegen opp mot Jordalsskar like før skogen og krattet tek slutt, skal det finnast hjortegraver. Det skal visstnok visa spor etter nokre djupe samansigne jordholer. Dei er ikkje steinsette slik som er vanleg for reinsgravene. Truleg er det ingen i dag som veit akkurat kvar desse gravene låg. På Trollsgjelholten derimot viser hjortegravene godt. Dei ligg ved eit lite vatn, ei dobbelgrav på nordsida og ei enkel grav på sørsida. Grava på sørsida ligg like under ein grøn rabbe. Denne rabben ligg midt i dyretrekket når hjorten kom ned fjellsida . Han måtte då hoppa ned rabben, og då ligg dyregrava rett under. Det er urd på begge sider, difor var dette den naturlege vegen å ta for hjorten. Det var også oppsett murar inn mot grava. Den doble dyregrava ligg på motsett side av vatnet. Den eine er attkasta, den andre ligg ut mot vasskanten. Det er framleis restar etter treverk som vart brukt til støtte for muren ut mot vatnet.

CC BY-NC 4.0 Hjortegraver på Trollsgjelholten. av Bjarne Bjørkevoll er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anne Marie Bøtun, 2006
Kommune: Fresvik