Sidemeny+

Eit stort system av dyregraver i Jordalen

Posted on 31. mar 2006 by in Arbeidsliv

Foto: Anne Marie Bøtun Øyricbn

Denne grava er teke prøver av og dateringa viste 150 +/- 210 før KR. Pollenanalyse viste at i brukstida låg tregrensa nærare grava enn i dag, kanskje prøven kan vera frå overgang bronsealder/jernalder, som vil vera siste bruksfase av grava. Gravi er noko attkasta, men svært lett og sjå. Det står også ein liten varde til venstre for grava på ein liten haug.

På strekninga Varden -Styvisdalsvatni og opp til vatnet som Øvste Breivåi kjem frå ligg det ikkje mindre enn 14 dyregraver. I luftlinje utgjer dette knapt 2 km. Eit par av desse dyregravene er blitt undersøkte av professor Edvard K. Barth og me har difor ein del interessante opplysningar om dei.

Plassering i kart

Dyregraver og beiemur.
Barth skreiv ein artikkel i årbok nr 11 for Norsk Skogbruksmuseum om fangstanlegg i Fresvikfjella. Barth og Jordanger har også skrive ein artikkel i Arkeo. Der seier dei at ikkje langt frå stølsvegen til Fresvik og Fresvikvarden finst to dyregraver. Dei ligg noko over 1400 m over havet og er murte med leiegjerde i kileform. Ei tredje dyregrav ligg ved eit vatn ca 400 m vest for dei andre gravene. Like ved går det ein 8 m lang og 30-40 cm høg mur som stengjer eit lite skar. Dette for å få reinen til å bøya austover mot dyregravene. I årbok nr 11 finst det meir presise opplysningar og også kartfesting av to av gravene.

Kvar ligg desse gravene?
Dei to dyregravene dei såg ligg like nedanfor vatnet som Øvste Breivåi kjem frå, nordvest for høgde 1482. Noko nedanfor vatnet er det eit bratt parti, og på sørsida av elvi ligg ei dyregrav med beiemurar, 1403 moh. Gravi er noko attkasta, men svært lett og sjå. Det står også ein liten varde til venstre for grava på ein liten haug.

Datering.
Barth skriv om denne grava at leiegjerda er 3-15 m lange. Lengda av fallkammeret var då 2 m, men øvre del av søndre langside var glidd inn i fallkammeret som var ca 50% fylt. Barth lyfta opp nokre av steinane og kom ned til fast jordoverflate 1,5m under toppen av nordre langvegg. På ca 1,7m blei den relativt lause sanden og grusen avløyst av eit mørkare parti som blei særleg tydeleg ved 1,80m. Her pipla det inn vatn nokså fort. Fuktig prøvemateriale blei samla inn i størst mogeleg mengd 25-30cm under botnoverflata. Det inneheldt ingen konkrete restar av tremateriale, men ein antok at den likevel inneheldt organiske restar. Datering viste 150 +/- 210 før KR. Pollenanalyse viste at i brukstida låg tregrensa nærare grava enn i dag, kanskje prøven kan vera frå overgang bronsealder/jernalder, som vil vera siste bruksfase av grava.

Attfylte dyregraver.
Ca 100m lenger til venstre for denne grava, altså sydover, ligg to dyregraver med 20-30m avstand. Barth og Nordanger har sett den første grava men berre den eine av dei to som ligg lengst syd. Begge dei to siste er fylte med stein, den eine så mykje at ho berre ser ut som ein liten steinhaug. Turleg er det breen som har transportert masse og flytta på stein her. Det er lett å finna beiemurane inn mot begge gravene. Desse tre dyregravene med beiemurar dekkar heile det vesle området der det var naturleg for dyra å gå når dei trekte nedover frå høgfjellet. På sidene er det brattane og meir ulendt.

Beiemur.
Ca 4-500m nedanfor utvidar elva seg til 2-3 grunne småvatn. På sørsida der det siste vatnet sluttar, er det eit lite skar eller kløft i terrenget. Dette blir mot ryggen over Styvisdalsvatni. Her ligg det vanlegvis ei snøfonn, men på snøfattige somrar kan ein sjå muren som Barth og Nordanger omtala. Muren ligg 1353 moh.

Sommaren 2006 var svært snøfattig og heile snøfonna blei vekke. Muren som då kom til syne viste seg å vera 20-30 m lang og går i ein halvsirkel opp mot fjellveggen og sperrar det vesle skaret, Høgda er ikkje meir enn ein halv m. Ved og i nærleiken av muren låg det ein del tremateriale. Ein del av treverket hadde tynne bora hol der det var innsett runde spilar. Truleg har det vore eit slag flettverk-gjerde for å få muren høgare.
Prøver av treverket vart datert i Trondheim, og viste at treverket var frå 600-655 e. Kr, altså folkevandringstid. Då er dette treverket på gjerdet noko yngre enn gravene i området, men me veit sjølvsagt ikkje noko om kor lenge muren har vore i bruk. Treverket kan ha vorte skifta ut slik at muren kan ha ein høgare alder.

Dyregrav midt oppe på åsryggen.
Den tredje dyregrava Barth og Nordanger omtala ligg oppe på åsryggen over Styvisdalsvatni, om lag 50m vest for ei dobbelgrav i det inste skaret ned mot Styvisdalsvatni. Ho har lange beiemurar og sjølve grava er framleis i fin stand. Ho er 1,5m djup, men verkar svært djup sidan ho ligg på mest flat mark. Måla elles er 1,30×0,70. Kortenden opp mot dalen har inngang i plan med bakken medan langsidene er bygde opp frå terrenget og også kortsida mot vest er ein halv meter over bakkenivå

Denne grava er det teke prøver av og datert. Ca 1,8m under overflata var det eit tjukt lag med homogen svart jord. Humuslaget blei radiologisk datert til 140 før Kr til 50 etter Kr., altså til overgangen mellom førromersk jernalder og romartid. Dette var humus frå dei opprinnelege trespilane som har lege i kamuflasjelaget oppå grava.

Korleis skulle muren fungera?
Barth og Nordanger meiner at muren var oppsett for å få dyra til å venda austover eller oppover dalsøkket mot dyregravene. Har gjerdet i det heile vore brukt på same tid som dyregravene i området, eller har det hatt ein annan funksjon i ei anna tid?
Dette området bør nok undersøkjast nærare om me skal finna svara på desse spørsmåla.

Andre dyregraver i området.
På åsryggen over Styvisdalsvatni ligg det ikkje mindre enn 4 dyregraver. Me har alt omtala grava midt oppe på ryggen. Men i inste skaret berre 100m frå muren ligg det to graver, 1354 moh. Dette er den første naturlege nedgangen til Styvisdalsvatni om ein kjem ovanfrå fjellet. I eit skar som kjem ned midt mellom dei to Styvisdalsvatni ligg den fjerde dyregrava. Ho er plassert ca 20-30m under toppen av skaret og vil effektivt fanga dyr som vel denne nedgangen.

Trekkjer reinen ned mot utløpet av Styvisdalsvatni, vil den naturlege vegen der bli sperra av tre nye dyregraver. Rein som kjem nord for høgde 1362 og vil ned mot Neste Breivåi vil bli møtt av ei dyregrav i eit lite skar aust for Varden og ved Varden ligg to andre graver. Me veit sjølvsagt ikkje om desse gravene har vore i bruk på same tid. Berre to av dei lengst aust i området er daterte.

Brukstid.
Det er iallfall rimeleg å anta at brukstida på dei austlegaste gravene har vore i ei tid då det har vore meir vegetasjon og eit anna klima enn no. Professor Barth konkluderer med at ein må anta at gravene har vore brukte i ein mild klimaperiode, sjølv om dei også då låg over tregrensa. Han antydar at brukstida kan ha vore frå bronsealderen sjølv om C14 analysen ikkje tek oss heilt tilbake dit. Klimamessig meiner han at brukstida faktisk kan gå heilt tilbake til yngre steinalder, medan siste bruksfase kan vera på overgangen bronsealder/jernalder då ein fekk noko kjøligare klima. Yngre steinalder går frå 4000 til 1800 BC, medan jernalderen byrja rundt 500 BC.
Seinare har det truleg lege bre i dette området som har teke med seg vegetasjonen. Dette området er no mest heilt fritt for vegetasjon og dekka av stein og ur. Området ber preg av at det kan ha lege ei bretunge nedover dalen, kanskje i kuldeperioden på 1700 talet.

CC BY-NC 4.0 Eit stort system av dyregraver i Jordalen av Bjarne Bjørkevoll er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anne Marie Bøtun, 2006
Kommune: Fresvik