VARDEHEIA – VAKKER I VEST
Heilt vest i Hyllestad, der land møter hav, ligg Vardeheia. Etter at du har studert kartet over Hyllestad, er det nok ikkje den første fjelltoppen du kan tenkje deg å besøke, men ta turen opp likevel. Maken til utsikt finn du ikkje mange andre stader.
Plassering i kart
Turen startar
Oppturen til Vardeheia er grei dersom du startar i Bordvika i Skifjorden der du ser skiltet Austgulen hytter. Her går stien oppover bøen forbi løa og mot eit lite uthus ved bøgarden. Vidare er vegen greit merka.
Vegen til topps
For ein vanleg mosjonist og fjelltrimmar byr ikkje vandringa på dei store fysiske utfordringane. Stien går gjennom skog og over lyngmark og her og der forbi små kulpar og tjønn. Bruk augo dine godt, for naturen viser fram mange fine detaljar.
Ingen lang tur
I roleg tempo vil du nok koma langt på ein time. Men når du passerer skoggrensa, kan det vere at tida går fort dersom du byrjar å sjå deg kring. Kva gardar ligg her, og kva fjelltopp ser du der ? Fram mot varden på heia er det berre slakk stigning, så her kan konsentrasjonen samlast om utsikt og opplevingar.
På toppen
Det er sikkert ok å ha ein kvikklunsj eller ei lita matpakke i svipptursekken. Er du heldig med veret, kan denne rastepausen på toppen verte eit rikt turminne.
Alden, Verlandet og Bulandet i vest, nei, vi vil ikkje seie meir; dette må opplevas
VARDEHEIA – VAKKER I VEST av Håkon Haukoy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.