Sidemeny+

Fjellvett

Posted on 20. jan 2006 by in Landskap

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Eggenipa i fint påskever, men sjå neste bilde!

I Norge er vi kjend for våre bratte fjell og djupe dalar. Men å ferdast i fjellet er ikkje alltid ein spøk. No kjem snart påsketida og mange vil ut i skiløypa. Dersom ein skal vere trygg i fjellet er det viktig å ha respekt for naturen, og ikkje minst kunne dei ni fjellvettreglane.

Plassering i kart

Har DU fjellvett?

1. Legg ikkje ut på langtur utan trening.
Dei norske fjella kan vere meir krevjande enn mange trur.

2. Meld ifrå kvar du går.
Dersom du kjem ut for noko, får du hjelp raskare om nokon veit kvar du er.

3. Vis respekt for vêr og vêrmeldingar.
Her i Norge har vi eit svært variert og iblant ekstremt vér. Det nydelege påskevêret kan plutseleg skifte til ein kraftig snøstorm. Det er ikkje lurt å utfordre vêret: for hugs, vêret er sterkare enn deg.

4. Lytt til erfarne fjellfolk
Det er viktig å høyre på dei som er lokalkjende i fjellet.

5. Ver rusta mot uvêr og kulde sjølv på korte turar.
Ta altid med ryggsekk og det som fjellet krev.
Vêret kan fort overraske deg så difor er det viktig å vere førbebudd på uvêr.

6. Hugs kart og kompass.
Det er lett å gå seg vill i skog og mark, sjølv om ein trur ein kjenner seg att. Når du har passert det same treet fire gongar er det greitt å ha kart og kompass.

7. Gå ikkje åleine.
Det er mykje kjekkare å vere to, for om det skulle skje ei ulykke eller ein går seg vill, er det ikkje kjekt å vere åleine. Dessutan er det mykje kjekkare å ha nokon å dele appelsina med!J

8. Spar på kreftene og grav deg ned i snøen om nødvendig.
For om det blir storm er den beste verninga på fjellet snøen.

9. Vend i tide. Det er inga skam å snu!
Når vêret herjar er det ikkje den rette tida for å tøffe seg. Då er det betre å komme seg heim i god behald.
Og hugs: Ut på tur, aldri sur!

CC BY-NC 4.0 Fjellvett av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Siri kristiansen og Ane Oftedal 8c 2006