Sidemeny+

Tynningen – friar og ferdselsvegen

Posted on 18. nov 2005 by in Jordbruk

I over 1000-år har Tynningen vore ein viktig ferdselsveg mellom Førde og Jølster. Her har også mange friarar funne sin utkåra på støylen.

Plassering i kart

Det var fjellpassasjen Tynningen som knytte komunane Jølster og Førde sammen i gamle dager. Vegen gjekk frå Hjellbrekkestøylen over til Tynningen Til Grimeland i Angedalen. Sentralt i området ligger også Flugestøylen, der ungdommen ofte samlast den gangen der var støylsdrift så seint som i begynnelsen av 50-åra. Flugestøylen var ein stor støyl, med sine seks tun, som drifta sin buskap der. Det var Fluge, Nilstun; Danieltunet(Dantunet på folkemunne), Pertunet (her var det Helga Fluge som styrte), Smietun (Kålhågen nåtid) og Stortræ og Bakkanetunet (det var eit lite tun som hadde bare ei ku).

Møtestad for gifteklare
Med eit slikt stort tun vart det ein attraktiv og populær plass for friarar frå Angedalen. Her kunne ein treffe støylsjenter heile sommaren. Sagnet fortel om at fleire møter mellom Jølstringar og Angedøler har endt i giftamål. Ein slik friar var Andreas Helgheim frå Skei, som gjekk på friarferd over Tynningen i 1934 i dress og finsko. Då han kom til Grimeland, pussa han skoa sine med lommetørkleet før han fridde. Han fekk ja fra Antonetta Grimeland.

Ferdsel i tusen år
Vegen har vore brukt i alle år, frå før år 1000 og i heile mellomalderen. Audun Hugleikson brukte vegen på sine reiser til og frå Jølster. Fleire med han brukte vegen over Tynningen fram til postvegen kom over Sunde då brua vart ferdig kring 1830. Landevegsrøverar som herja ved Moskog gjorde at trafikken over Tynningen tok seg opp att på 1800-tallet. Då var det betre å slite seg opp bakkane over Tynningen, enn å risikere å bli utsatt for plyndring.

Sjølve namnet på Tynningen kjem av formasjonen i fjellskaret og sagnet om ein bonde som skulle til Førde å selje smør. Han bar på to tunge tønner med smør opp og over Tynningskaret, der han mista balansen på toppen, slik at han trilla heilt ned til Grimeland i Angedalen. Derav navnet ”Tynningen”.

Om soga er sann? Det veit vi ikkje, men ta turen og døm for deg sjølv…

CC BY-NC 4.0 Tynningen – friar og ferdselsvegen av Anne Brit Sande er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Alf Vidar Snæland
Kjelder: Jølster Mållag og NRK S&F Fylkesleksikon