Sidemeny+

Strandaheia

Posted on 28. nov 2005 by in Landskap

Styrtregn kvelden før og morgonskodde skremde dei fleste frå den annonserte turen på Strandaheia torsdag 28 juli. Og nokre lada vel opp til Eggenipa-løpet. Men vi få som satsa på at skodda letta fekk ein fin tur.

Plassering i kart

Ja, veret vart altfor fint då vi vel oppe skulle prøve fiskelukka i Nonselvvatnet (1050 m.o.h). Med sol og blikkstilt klårt fjellvatn såg vi berre at fiskane pila unna.
I den nye boka Opptur – 267 fotturar i Sogn og Fjordane som har fått mykje vellæte er det med ein tur på Vora. Også då startar ein frå Strand ved Bergheimsvatnet om lag 4 km sør for Byrkjelo. Råsa tek til ovanfor garfjøsane på andre garden, og ein fylgjer høgre sida av elva opp på kanten. Kjentmann Nils Ove Gåsemyr og andre hadde nymerka og kvista god rås opp på Strandaheia, ein tur på om lag 3 timar. Derifrå reknar ein 1-2 timar opp på Vora.

Hytte ikkje nemnd
Den nye hytta til fiskelaget frå 2003 er ikkje nemnt i Opptur-boka. Men vi såg i hytteboka at ein familie med små barn hadde tatt turen på Vora i to etappar med overnatting der. Frå Nonselevatnet kan ein og dra i motsett retning av Vora, mot Trollebotnen. Men i fylgje Nils Ove Gåsemyr bør ein i år vente ned denne turen til langt ut i august, om ein ikkje er spesielt glad i å gå i snø. Nonselvhytta var heilt nedsnøa og uråd å finne att så seint som i mai, og turen til Trollebotnen går ein del høgare.

Naturfotografen
Naturfaglæraren min Svein Hjelmeset var med på turen. Vi var ikkje før komne ut av bilen ved riksvegen før han oppdaga noko spennande gult i vegkanten og byrja fotografere. Han fann seinare ut det var vegkarse.
Kjekt å få vite noko om det ein ser rundt seg når ein går på tur. Trollbær og turt var dei mest interessante plantane på vegen opp. Turt er tydelegvis dessertplante for hjorten, for stort sett stod det berre att stilkane av den oppigjennom lia..
Svein speida etter ørn og ørnereir , men såg ikkje noko større enn ramn og elles småfugl, m.a. ein liten steinskvettunge som hoppa rundt oppe på fjellet.
Svein skulle kanskje levd i forrige århundre då her var bjørn som Kjell Råd fortel om i boka si om støylar i Breim.

Høgste støylen i Breim
Strandastøylen er saman med Støyvastøylen den som ligg høgast i Breim, om lag 830 m.o.h.
Det er heilt utruleg at ein fekk kyr opp denne bratte stølsvegen så seint som for 50-60 år sidan. Nils Ove meinte at støylsvegen då kanskje gjekk meir i slynger enn den råsa vi no følgde. Dei måtte i alle fall stø kyrne somme stader så dei ikkje skulle fare utføre og slå seg i hel.
Dei einaste husdyra vi no såg var ein saueflokk med både kvite og svarte får som bles i nasene og sette bortover den store moreneryggen ovanfor støylen så bjøllene skrangla. Fjøsen var som vanleg i fjellheimen mura av stein og er no til nedfalls medan selet vart restaurert i 1992.

Stort ras i 1941
I støylsboka si fortel Kjell Råd råd med Brita Strand som kjelde om det store raset i juni 1941. Eit skred hadde demd opp eit lite vatn ovanfor støylen, og då demninga brast tok vatnet med seg jord og stein nedover fjellsidene
”Skredet gjekk over riksvegen og nesten like i Bergheimsvatnet. Frå toppen av raset kunne ein nå opp i telefonstrengene. Her låg stein og tre i kolossale mengder. Men midt i raset var ein liten, berre flekk. Der stod 3 levande kje som hadde vore ute på beitet. Merra vår stod tjora på enga der rast gjekk og vart løyst i siste liten”.
Nils Ove Gåsemyr fortel at brukarane deretter fekk bore tunge stubbebrytarar opp på fjellet og brukte eit par år på å førebygge og senke vatnet ovanfor støylen så det same ikkje skulle skje att.

Passe tur
Eg skal ha ulike turar som del av 4H-oppgåva mi. Denne turen opp på Strandaheia er bratt opp frå gardene til støylen. Men råsa er god og godt merka. Vel oppe har ein fiskevatn og ny og svært godt utstyrt hytte som kan leigast – spør på S-laga i Breim. For dei som vil gå langt kan ein halde fram til Vora i eine retninga og Trollebotnen og Eggenipa i andre retninga.
Så eg vil tilrå denne turen på Strandaheia for dei fleste.

CC BY-NC 4.0 Strandaheia av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Jarle Bergheim 10B
Kjelder: Natur og media elevbedrift