Sidemeny+

Steinskvett (Oenanthe oenanthe)

Posted on 9. nov 2005 by in Dyreliv

Steinskvett kan du møte ganske høgt til fjells. Reiret er ikkje godt å finne, for han legg det gjerne langt innunder ein stein. Egga er grøne og liknar på staren sine, men litt mindre. Treffer du denne fuglen i hekkeperioden, er han ivrig å vise at du ikkje er velkomen, både med kroppsspråk og lyd. Knebøy kombinert med kvasse varsellydar er ikkje til å ta feil av.

Plassering i kart

Litt om fuglen
Steinskvetten held til i ope og steinete landskap, både langs kysten, i kulturlandskap eller på fjellet. Han blir kjønnsmoden etter eitt år og kan leve i sju år. Par kan holde saman i flere år og kome tilbake til det same hekkeområdet. Steinskvetten et larvar, insekt og edderkoppdyr. Om hausten et dei og bær. Han trekkjer til tropisk Afrika i august – september, og om våren er steinskvetten den av dei afrikanske overvintringsartane som først kjem tilbake til sine norske hekkeplassar. Dette skjer frå første halvdel av april.

Stor hekkebestand i Norge
Norge har Vest-Europas største og viktigaste hekkebestand:
Steinskvetten er truga. Europa har hatt ein nedgang på 70 prosent dei siste 25 åra. I Finland har nedgangen dei siste 10 åra vore på 40 prosent. Det er grunn til å anta at den norske nedgangen dei siste 10 åra har vore på minst 15 prosent, slik som i Sverige. I Noreg hekkar det over ein halv million par. Vi har Vest- Europas største og viktigaste hekkebestand.
Av den samla bestanden i både Vest og Aust-Europa har vi rundt 10%. Berre Tyrkia har fleire steinskvettar enn Noreg. Med ein bestand på over 2 millionar par har dei åleine nærmare 50%
av den samla bestanden. Utanom Norge er det berre 5 andre land i Vest-Europa som har over 100.000 par. I Sør-Europa gjeld dette Spania og Italia, og i Nord-Europa Grønland (Danmark), Finland og Sverige. Danmark har ein liten bestand på litt over 1000 par.

Utsjånad
Steinskvetten er ca. 14 cm lang frå stjert til nebb, og veg 21-30 gram. Han har kvit panne og overauge striper. Vengene er svarte. Hannen har blågrå isse og rygg, og ei svart stripe gjennom auget. Hoa har brungrå overside. Songen er melodiske kvitre- og skurrelyder.

Utbreiing
Steinskvetten er utbreidd i Europa, Russland, Asia, Alaska og Grønland. I Norge finst steinskvetten i heile landet, men er mest talrik i fjellet. Han er og innom Svalbard. Han hekkar såleis på den nordlege halvkula og overvintrar i Afrika.

Reiret
Reiret er laga av plantedelar og ligg i holrom i bakken, under steinheller eller liknande plassar. Røyskatt og kråker kan ofte ta reira. Hoa legg 5-7 lyseblå egg i mai-juni. Rugetida er 14 døgn. Ungane blir i reiret i to veker.

Kjelder: www.helhetsverkstedet.no
www.Wikipedia.org
Fjalar Natur og Friluftsliv

Gloppen

CC BY-NC 4.0 Steinskvett (Oenanthe oenanthe) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Markus Bjørnereim 8c 2008
Klassetrinn: 8. kl