Røyskatt
Røyskatten kan du treffe både høgt til fjells og heilt ned til strandkanten. Han er svært nysgjerrig men han er og eit blodtørstig rovdyr. Han har kamuflasjefarge alt etter årstida.
Plassering i kart
Spor og sporteikn
Røyskatten har fem tær både på framføter og bakføter.
På svært laus jord og på snø kan ein sjå avtrykket etter dei fem utspilte tærne. Om vinteren er tråputene dekte av hår, og sporet verkar utviska. Røyskatten er halvt solegangar. Han er svært lett, og derfor er spora lite synlege omsommaren. Forlengd om lag 2 cm, breidd om lag 1,5 cm.
Som mange av dei andre mårdyra bruker røyskatten å hoppe. Bakføtene blir sette i same spora som framføtene. Til vanleg står høgre og venstre spor nesten parvis, det eine litt framfor det andre.
Steglengda (hoppelengda) er i gjennomsnitt om lag 40 cm, men har han hasverk, eller er det fare på ferde, kan han gjere hopp på opptil 2 meter . På fast bakke kan vi sjå ein variasjon av sporgrupper, slik som hos måren. I snø er det ofte merke etter buken og her og der hol ned til snøtunnelane.
Tilfeldig kan røyskatten ha leie i steingjerde, røyser, urer, seterhus og båtnaust. Om vinteren lagar han eit bol som han kan halde til i.
Slike bol finst også på open mark, særleg på stadar der snøen fyk saman i fonner, og i forlatne hus. Vinterbolet blir bygd på same måten som ynglehiet, gjerne av tørre strå og fóra med hår og skinnfiller av smågnagarar.
Storleik og utsjånad
Hannen kan vege 170-200 gram, hoa berre 80-90 gram. Totalengda for hannen er om lag 37cm og for hoa om lag 31cm. Halen er om lag 10cm.
Røyskatten har lang rygg og hals. Hovudet er smalt og langt, men sjølve snuten er kort. Halen er lang. Bakbeina er mykje lengre enn frambeina.
I mars tek sommardrakta til å vise seg. Den raudbrune fargen kjem først til syne oppå hovudet og ryggen. Sommardrakta er ferdig i mai, og er matt raudbrun ovantil og på utsida av beina.
Undersida er gulbrun eller gulkvit, men kan og vere heilt kvit. Overgangen mellom oversida og undersida er skarpt teikna. Øyra har kvit kant, og haletippen er svart. I november byrjar vinterpelsen å gro fram. Dyret blir først kvitt på sidene, og i desember er vinterpelsen fullt utvikla. Vinterpelsen er oftast heilt kvit. Haletippen er svart.
Røyskatten kan bli 8-10 år gammal.
Utbreiing
Røyskatten er vanleg over heile landet. Særleg talrik er han i kyststrøka og i høgfjellet. Han er observert på toppar over 2000m over havet, t.d. Galdhøpiggen.
Røyskatten er utbreidd over store delar av Europa. Men han finst ikkje somme stadar i Sør-Europa (Sør-Frankrike, Italia, hellas, Sør-Jugoslavia og Sør-Romania), på øyane i Middelhavet og på Island.
Biotopar og lydar
Synet er ikkje særleg skarpt. Høyrsla er derimot framifrå, og han har særs fin luktesans. Vêrhåra er svært kjenslevare.
Røyskatten gir ein smattande lyd, men blir han oppøst, gir han ifrå seg ei skarp bjeffing, som liknar eit kvi-kvi.
Røyskatt av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.