Sidemeny+

Pennalfabrikken i Jølster

Posted on 16. nov 2005 by in Arbeidsliv

Pennalfabrikken er relativt ukjend for dei unge i dag. Men for eit par generasjonar tilbake var pennalfabrikken både kjend og unik.

Plassering i kart

Mannen bak det heile
Kristian Eikås var mannen bak heile fabrikken, han undra seg over kvifor det ikkje var råd å finne norske pennalhus. Han sendte deretter eit brev til utanriksdepartementet og fekk til svar at det ikkje fanst norske fabrikkar som produserte slike artiklar. Kristian forhørte seg med sin bror Bertel, og saman bestemte dei seg for å sette i gang ein verksemd.

Teknisk begava
Bertel Eikås var særdeles god på det tekniske, han hadde igjennom heile sitt liv skapt artiklar ut av treverk, slik som stolar og nøtteknekkarar. Hans interesse for trearbeid og maskineri kom godt med når bedrifta skulle lagast. Bertel jobba først for seg sjølv, med pennalfabrikken på si, men i 1929 gav han opp jobben for å jobbe med fabrikken på fulltid.

Ei eldsjel
Kristian Eikås var ein driven mann på forming og måling, han var lærar og hadde tidligare starta opp Jølster heimyrkeskule, den fekk han seinare kongens fortenestemedalje for. På fritida heldt han snikkarkurs, og var mannen bak «Jølstrastolen». Han var oppteke av opplæring, både for gutar og jenter, alt i 1950 hadde han stabla eit kurs for jenter på beina. Han var fast bestemt på å få pennalfabrikken på beina.

Det heile starta i snikkarstova, Bertel hadde funne opp ein maskin som i hovudsak produserte pennalhus. Dei fekk maskin kraft frå ein oljedreven motor. Alt det første året (1927) produserte dei over 3000 pennalhus. Det mangla ikkje på eksportstilboda, og det såg lyst ut for Bertel og Kristian Eikås.

Avansert bygg
Fabrikken vart bygd inne i ei stor sperrestove med namn «Flugelona». Verket var særs avansert, med fresemaskin, pussemaskin. Det var rom til både kontor og verkstad, fint maskineri og lakk store kvantitetar.

Streik og brann
Pennalfabrikken hadde gjeve samfunnet mange arbeidsplassar, spesielt unge gutar frå Jølster, 10-12 mann var i arbeid og produserte pennalhus. Arbeidsplass til tross, lønninga var ikkje mykje å skryte av. I 1952 gjekk arbeidarane ut i streik, dei kravde ein lønn på minimum 3kr i timen, noko dei aldri fekk. Bertel fortsette produksjonen i mindre omfang. Det såg igjen lyst ut for fabrikken heilt til Bertel fekk ein dødeleg sjukdom og døydde. Fabrikken vart seinare drive av ein slektning, før det omsider gjekk opp i flammer i 1959.

CC BY-NC 4.0 Pennalfabrikken i Jølster av Anne Brit Sande er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kristoffer Kjøsnes Kongsvik
Kjelder: Eivind Fossheim, Jul i Sunnfjord 1989( utgjeve av Sunnfjord sogelag)
Kommune: vassenden