Sidemeny+

Jølster Hotell

Posted on 16. nov 2005 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

Foto: Helge Sundecbn

Jølster hotell med utsikt mot Jølstravatnet

Her kjem meir informasjon om historikken til Jølster Hotell.

Plassering i kart

I 1890 vart Vassenden Hotell grunnlagd av …. . I 1989 endra hotellet namn til Jølster Hotell., og det vert i dag drive av Støfring-familien. Hotellet vart i 1941 okkupert av tyskarane som ombygde og brukte det til sjukehus. Mange veggar vart nedrivne og dei haldt ikkje hotellet ved like. Etter krigen låg hotellet brakk i fleire år. I 1962 tok Støfring-familien til å restaurere huset, og i 1964 sto ein ny sidebygning i betong ferdig. Der ligg ein ny matsal og baren ”Stallkroa”, i tillegg til mange nye rom.

Fiske og naturliv, med aurefiske i vatn og elvar, er blant dei viktigaste tilboda til gjestane. Det er sightseeing med motorbåt på vatnet, og ein kan leige vass-ski eller prøve brettsegling. Hotellet arrangerer òg fjellturar og turar til Jostedalsbreen med førar. Det er ikkje så mykje trafikk her om vinteren, men det er mange som arrangerer bryllaup, gravferder, jubileum osv. på hotellet. Det vert òg arrangert julebord her.

CC BY-NC 4.0 Jølster Hotell av Anne Brit Sande er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Marie Tefre Birkeland, Anna Savland
Kjelder: Arne Støfring, Bjørg Øygard, Wibeke Knagenhjelm - Tradisjonsrike turisthotell i Sogn og Fjordane (Det Norske Samlaget), Finn Borgen Førsund - Jølster; hundre år med bygd og bank (Selja Forlag), Grendahistorie del 3 (Studiearbeid i Eikås ungdomslag)
Kommune: Vassenden