Sidemeny+

Haukugle (Surnia ulula)

Posted on 8. nov 2005 by in Dyreliv

Enkelte år kjem haukugla til våre trakter ut på hausten. Ho er nomade og flyttar frå eit område når smågnagartalet går ned, og kjem ikkje attende før det igjen er mange smågnagarar, noko som gjerne tek to år. Det er nok grunnen til at det kan vere mange år mellom kvar gong vi får sjå denne fuglen. Til vanleg held han til langt mot nord, gjerne i Sibir. Haukugla er delvis dagaktiv. Ho sit og spanar etter bytte. Når ho oppdagar noko, flyg ho fort fram og fangar byttet. Hovudføda er smågnagarar, spissmus og mindre fuglar. Også ryper kan vere bytte. Haukugla har god høyrsel og det hender at ho fangar gnagarar som røyver seg inne i snøen.
 

Plassering i kart

Haukugla høyrer til i uglefamilien. Ho har lenger stjert og eit meir framskote nebbparti enn dei andre uglene. I tillegg til det er bryst og undersida tverrstripa som hjå spurvehauken. Lengda er 35-40 cm, vengespenn på 75-80 cm og vekta er ca 300 gram. Reiret legg ho i hole tre. 3-13 egg som vert ruga på i 25-30 dagar og ungane er ute av reiret etter 23-27 dagar. Totalfrda som alle ugler. Hekkar i Nord-Europa og rundt heile den nordlige halvkule. I Norge hekkar ho helst i fjellskogen i Nord – Norge i lemen- og museår, elles sjeldan.

 

CC BY-NC 4.0 Haukugle (Surnia ulula) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2013
Kjelder: Wikipedia