Sidemeny+

gu 3

Posted on 30. nov 2005 by in Pedagogikk

Det blir lagt inn oppgåver som passar til Classfronter på denne sida. Mange av svara finn du ved å søke på www.geoatlas.no Elevbedrifta Natur og media elevbedrift er ansvarleg for mykje av det stoffet som ligg inne på desse sidene. Dei har fått premie for dette arbeidet.

Plassering i kart

Tredje beste elevbedrift i landet Publisert 12.12.2005 av Firda Tidend Elevbedrifta Natur og media ved Gloppen Ungdomsskule fekk sist torsdag tildelt 3. premie i den nasjonale konkurransen om beste elevbedrift.

Historisk minne – Dette diplomet vil bli eit historisk minne på Gloppen Ungdomsskule, sa Håkon B. Landråk då han delte ut premien. Landråk er prosjektleiar for Entreprenørskap i Noreg ved Universitetet i Stavanger. 10. klassingane ved GU har stått for ein framifrå prestasjon ved å bli premiert i den nasjonale konkurransen, i knallhard konkurranse med elevbedrifter over heile landet.

Elevbedrift med suksess! seier Sparebanken Sogn og Fjordane om bedrifta Elevbedrifta «Natur og media» ved Gloppen Ungdomsskule har gjort furore. Nyleg var det stor festivitas i kinosalen, då bedrifta fekk utdelt 3.premie i ein landsomfattande konkurranse for unge entreprenørar.

Universitetet i Stavanger Håkon Landråk frå Universitetet i Stavanger gav mykje velfortent ros for arbeidet som var lagt ned, og han stod for overrekking av diplom og blomster. Sparebanken stod for overrekking av sjekk på tre tusen kroner. Kommunen og skulane hausta også mange godord frå Landråk, som meinte at Gloppen på mange måtar er ein føregangskommune i entreprenørskapsarbeidet. Det vil bli meir og meir viktig at skulane engasjerer seg i denne typen læring. Diverre er skulane ofte konservative her.

Nærmiljøet «Natur og Media» er ei bedrift som har teke utgangspunkt i nærmiljøet. Med lærar Svein Hjelmeset og mentor Ola Bergeim, begge heldigvis engasjerte og entusiastiske langt over gjennomsnittet, som gode medhjelparar, har bedrifta m.a. laga heftet «Fuglar og tre i Jølet» og «Blomster i Gloppen»Dei har selt artiklar til lokalavisa, produsert video/DVD, laga brosjyrar og prospektkort for turistnæringa, og laga eiga heimeside, der fire digitale naturstiar vert presenterte …ein av dei på engelsk. Ved sal av produkta sine, har dei unge entreprenørane også tenkt på noko av det viktigaste, iflg. Landråk; å syte for inntening og økonomisk resultat. Leiaren i bedrifta, Susanne Gåsemyr, var difor ein stolt mottakar av diplomet som viser at akkurat desse dyktige ungdomane var Noregs tredje beste elevbedrift 2005. For Sparebanken: Dagfinn Nyhammer Nyhende: Også i år (2006) har GU starta elevbedrifter. Den som byggjer på fjellatlassida heiter Natur, kultur og media elevbedrift 2006. Styret: Ane Oftedal 8c er leiar, Jens Gule 9b er nestleiar, Anders Kvile 10a og Matias Urke Myklebust 8c er kaserarar.

Oppgåver om vatn 1 Bruk GeoAtlas og finn namnet på nokre vatn i Gloppen 2 A) Kva plantar er det vanleg å finne ved vatn/myr? B) Set namn på plantar som veks i vatn. 3 Veit du namnet på fiskar som lever i a)ferskvatn ? b) saltvatn? 4 Set opp namn på fuglar som a) likar seg i ferskvatnvatn b) ved ferskvatn c) i saltvatn 5 Vatnet i Røsskleivdalen er ei oppdemd myr. Kva var pH i dette vatnet i 2002? 6 Kva er vekta på største fisken som er teken i dette vatnet? Årstal? 7 Kva heiter vatnet i Gloppen som er tilrettelagt for rullestolbrukarar? 8 Legg inn eit bilde og ein link til bilde.

Oppgåver 1 a) Kor mange fjellvettreglar har vi? b) Korleis lyder 2 av dei? 2 a) Kor mange artiklar har Martin Slagstad omsett til engelsk? b) Kva slag artiklar har han omsett. c) Skriv det engelske namnet på to fuglar. 3 a)Kva heiter den minste fuglen i Norge? b) Korleis byggjer han reiret sitt? c) Kor mange egg legg han? 4 Kva heiter største fuglen i Norge? b) Kor langt er det mellom vengespissane til denne fuglen? c) Hekkar han i Gloppen? 5 Kvar i Gloppen finn vi den sjeldne Myrriksa?

Oppgåver 1 a) Kva fargar har skjora? b) Korleis kan ho oppføre seg som ein rovfugl? c)Skjora kan vere ein tjuv. Forklar denne påstanden. d) Har du lese denne artikkelen andre stader enn på fjellatlas? Kvar? 2 Finn nokre fuglar på fjellatlas som du veit er på fuglebrettet på denne tid av året. 3 a) Kva heiter blåmeis på engelsk? b) Gransangar? c) Kongeørn d) Havørn? 4 a) Ein gong på 1930-talet vart kongeørnreiret røva. Kvar vart det av dei to ungane? b) Ein gamal, utflytta Gloppar skreiv denne historia, som vart trykt i julenummeret til Firda Tidend i -05. Kva heiter forfattaren? c) Kvar bur han i dag? 5 Kva år og dato var det nesten total solformørking? Tips: Svinestranda. 6 a)Kor mange pattedyr ligg inne på fjellatlas? b) Kor mange av dei er rovdyr? 7 Greier du å lage link eller bilde til eit av svara dine?

Natfagoppgåver 1 a)Kvar finn vi Bøaterassen? b) Kor høgt over havet ligg han? 2a) kor gammal er han? b) Skriv tre setningar frå artikkelen. 3 Kvar i Gloppen finn vi delta? Forklar kva eit delta er. 4 Kor mange turar er det skrive om i boka opptur? 5 Les artikkelen om Strandaheia. Kva heiter forfattaren som jobba i Natur og media elevbedrift ved GU forrige skuleår?

Oppgåver 1 a)Les artikkelen Niklas har skrive og noter 4 faktasetningar frå artikkelen med eigne ord. b) Kvifor fangar ein mår? c) Er mår eit pattedyr, rovdyr eller ein gnagar? 2 a)Er ekornet eit rovdyr, pattedyr, gnagar? b) Korleis ser eit ekornreir ut? c) Kva gjer ekornet med dei små ungane om han blir forstyrra ? 3 Skriv litt om 2 vårblomstrar 4 Legg link til eit av svara dine.

Oppgåve veke 14 1 Kor mange bjørnar felte dei på jakta til saman i Gloppen? 2 a)Kva heiter fylkesblomen for Sogn og Fjordane? b) Er denne blomsten giftig? 3 a) Er ask lauvtre eller bartre? b) Kor høgt kan treet bli? 4 Kor lenge rugar kråka på egga sine? 5 Skriv ned namnet på nokre vårblomar. 6 Kor mange tær har røyskatten? 7 Kven har skreve artikkelen om røyskatten? Kven har teikna røyskatt? 8 Kor mange artiklar har Nicolay E Mundal inne på geoatlas? 9 Lag ein link som illustrerer eit av svara dine.

Nettoppgåver v22/23 1. Kva er det latinske namnet for boltit? 2. Kva er ein bleikmyrklegg? 3. Kvar kan du finne blodlønna? 4. Har alm nåler eller blad? 5. Kva tid har Svein Hjelmeset skreve om Blådalen? 6. Er det lett og få stor fisk i Blådalen? 7. Kor gamalt er kraniet som det er bilete av i artikkelen om Bjørn på Sørstranda? 8. Kvar er biletet av bøk tatt? a)Åsen b)Leirbrekka c)idrettsbana d)Ved Gu. 9. Kor lenge går det før ekornungane opnar augene? 10. Er grågås vanleg i gloppen? 11. Gå inn på www.fugler.net og finn ut kva fuglar Edvard Aske og Matias Myklebust har lagt inn. Legg inn link eller bilde til to av spørsmåla. Spørsmål laga av Nicolay Eikeset Mundal

Nettoppgåver v35/36 1 a)Korleis ser ein grevling ut? b) Finst det grevling i Sogn og Fjordane?Begrunn svaret. 2 På fjellatlas finn du bilde av grashoppe. Kven har teke bildet? 3 Under aktivitetsdagen i Valborgkleiva fann ei gruppe ei merkeleg fjør. Svart med 4 runde kvite flekkar. Kva heiter fuglen som hadde misst denne fjøra? Tips: www.fugler.net 4 Ein av fleire sjeldne fugleobservasjonar i Gloppen i sommar var av svarthalespove. a) Kva heiter pensjonisten som fyrst såg fuglen? b) Fortel med eigne ord om fuglen (3 setningar) 5 Kvifor bør du ikkje drepe hoggorm? 6 Kvar i Gloppen kan du vere heldig og få sjå ei kvit skjor? Kva kallar vi fuglar med slike avvik? 7 Prøv å legg inn ein link av bilde til eit av svara dine. 8 Øv litt til kunnskapskonkurransen på nrk Sogn og Fjordane og løys oppgåvene du finn på denne linken: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.676345 Tips: Merk linken og lim han inn på adresselinja. Lukke til.

Nettoppgåver v 37/38 Sjå fyrst på kommentaren du fekk på forrige oppgåver. 1 Kor mange av rovdyra på fjellatlas høyrer til mårdyra? Kva heiter dei? 2 Kor mange fugleartiklar ligg inne på gloppen? 3 Kva heiter eleven som har teke eit fint bilde av smålom? 4 Kor mange bilde har desse elevane inne på www.fugler.net Edvard Aske, Matias Urke, Nicolai Mundal, Peder Daviknes, Erik Slagstad, Bjørnar Kaale. Kva er namnet på dei fuglane desse har lagt inn? 5 Set opp korleis oppskrifta til fårikål for 6 personar vert. 6 Kva koordinatar ligg Storevarden på? 7 Gå inn på www.naturkunnskap.no og sjå videoen av tørrdestilering av sigarett. Kva heiter gassen som kjem ut av glasrøyret og som brenn med ein blå flamme? 8 Lag link og bilde. Får du tid til overs, lagar du nokre oppgåver som vi kan bruke neste gong.

Nettoppgåver v 40-42 1 a) Fylkesblomsten heiter? b) Kva farge har blomsten? c) Kva blir planten brukt til? 2 a) Ein sjelden gong kan sauen ha fugl på ryggen. b) Kva slag fugl? c) Kva mat er farleg for sauen og kva skjer om han et denne maten? 3 a)Det norske namnet for the magpie? b) Les artikkelen og skriv med eigne ord nokre setningar på engelsk om innhaldet. 4 Kva heiter gardane på Sørstranda som nytta Gimmestadstølen? b) Kor mange storfe og sauer var det på den stølen i den tida dei gjette? c) Kva var gjeting? 5 Skriv nokre setningar om svalestjert til ein som ikkje veit noko om han. 6 Kvar ligg Blodhella og korleis fekk ho det namnet? 7 Gå inn på www.naturkunnskap.no og prøv deg på to av naturstiane. 8 Lag link eller legg inn bilde til nokre av svara dine.

Nettoppgåver v 43 1 Kva er seksflekka bloddråpesvermar? Skriv to setningar med eigne ord. 2 Det har vore prenta tre artiklar i Firda tidend som er henta frå fjellatlas. Kva tre artiklar er det og kva heiter forfattarane? 3 Kor mange hjortar er det felt i Gloppen til no i jakta? (Sjå link) 4 Ein elev frå 9c har lagt inn to fine fuglebilde på www.fugler.net a) Kva heiter fotografen? b) kva heiter fuglane? c) Kor mange besøk har kvart bilde fått? 5 a) Skriv ned punkt for punkt korleis du lagar ein link til bilde. b) Lag ein link til eit bilde som illustrerer eit av svara dine. 6 Finn litt stoff på geoatlas og skriv nokre setningar om Selje kloster. 7 Finn 5 artiklar som ikkje er ferdigskrivne. Ein frå kvar av desse kategoriane: Fugl, blomst, dyr, sommarfugl og tur. 8 Kva på fjellatlas ville du endre på for at sida skulle bli lettare å bruke?

Oppgåver 1 a Kvar i Gloppen vart det observert ein stork i haust? b Kven observerte fuglen og tok bilde av han? c Kor mange gonger er det registrert stork i Norge? 2 a Les artikkelen om Bolkevikja. Skriv tre kommentarar med eigne ord. 3 Kor fort kan ein bjørn springe? 4 Kva heiter blomen baneberry på norsk ? 5 Kor mykje veg ein fullvaksen hare ? 6 Korleis har bloddråpesvermane fått namnet sitt ? 7 Kvar ligg Sandviksdalen ? 8 Kor stor og lang blir hokrabba? 9 Kva slag tre vekse blæremos på? 10 Kvar finn du fjøreknapp?

CC BY-NC 4.0 gu 3 av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2006
Kommune: Sandane