Sidemeny+

Breimsdalføret frå Byrkjelo til Reed.

Posted on 25. nov 2005 by in Geologi

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Dalføret frå Byrkjelo til Fjordhestgarden. Bøaterassen til høgre på bildet.

Midt i dalføret ligg den mektige Bøaterassen, 176 m over havet. Landskapa ovanfor terassen og nedanfor har heilt ulike karakterar om ein ser etter. Der er markerte terassar nedanfor og småkollete dødislandskap ovanfor. Når vi skal forklare dette, må vi sjå på kva som hende i naturen her for 8 – 9000 år sidan.

Plassering i kart

Bøaterassen
Bøaterassen er bygd opp av lausmassar som ein is-bre i Breimsdalføret laga. Desse lausmassane vart avsette i ein innsjø der Bøaterassen ligg. Det er mest truleg at det var ein ferskvassjø ettersom han ligg så høgt over havet. Innsjøen var demt opp av ein noko mektigare bre som fylte bassenget der Breimsvatnet ligg i dag. Innsjøen har dekt neste delen av Breimsdalen frå Bø til Reed. Øvste nivå har truleg vore litt høgare enn Bøaterassen på 176 m. Etter som smeltevatnet fann seg veg under isen i Breimsvatn-bassenget, har ferskvatnsjøen vorte mindre. dette ser vi av dei mange små terassene i ulike nivå og utstrekning på gardane Bø, Råd, Reed og Jordanger. Sjøen har truleg dels vore open og dels dekt av is og med små isklumpar eller isfjell i vatnet. Mellom isklumpane har terassene vorte bygde opp av lausmassar som bresmeltevatnet har teke med og sortert. Der isklumpar av noko sorleik har vorte liggande, finn vi groper i terrenget i dag.
Midt i dalføret ligg den mektige Bøaterassen, 176 m over havet. Landskapa ovanfor terassen og nedanfor har heilt ulike karakterar om ein ser etter. Der er markerte terassar nedanfor og småkollete dødislandskap ovanfor. Når vi skal forklare dette, må vi sjå på kva som hende i naturen her for 8 – 9000 år sidan.
Sør for Bøaterassen er landskapet prega av små haugar, ryggar og groper. I dag har store maskiner jamna ut desse terrengformene, men vi finn nokre restsar i beitemark og i utkantane av dyrka åkerland. Nokre stader som på Fløtra, finn vi lausmasseryggar med sortert materiale. Dette tyder på at der har vore kraftige elvar under isen mot slutten av istida, desse elvane har transportert lausmasser og lagt desse massene frå seg der vi finn dei i dag. Der vi finn skjæringar i desse ryggane ser vi at lausmassene er sorterte. Elles inneheld haugane blanda maeriale.
Dei mange mindre terassena som vart avsette i den bredemde sjøen, er mykje endra. Gjennom nokre tusen år, har regnvatn og jordras laga bekkedalar og renner. Største endringane har likevel kome i løpet av dei siste femti åra. Terassekantane har vorte utjamna for at åkerlandet skal vere lettare å drive med moderne jordbruksmaskinar. To stader merker seg ut ved at det truleg er den opphavelege terasseforma som er intakt:
den store terassen rett bak stallane på Fjordhestgarden og dei to mindre terassetrina lenger nede ved huset der Arne Råd og kona budde. Dei er no døde, huset står tomt og terassene er ikkje raserte av jorddyrking.

Fløtre – Byrkjelo dødisslette
Mest alle dei små haugane som isen let etter seg då han smelta rett ned, er borte i dette området og Byrkjelosletta har vorte eit flott jordbrukskulturlandskap. Men nokre restar har vi framleis. Der er nokre få haugar i utkantar av åkrar som er orginale og ikkje restar etter nyare jorddyrking, dei er lettast å sjå tidleg vår og seint haust. Tidlegare har det vore fleire breelv-ryggar i dette området, m. a. Langholen er borte. Massene derfrå vart nytta i betong. Men mykje av ryggen på Fløtra og dei to på Flølo er intakt.

Reed-flata
I dei sterkast dyrka områda finn vi òg merke etter det orginale landsapet. Nokre av åkrane representerer oprinneleg terasseflate og skrentane har vore der vi finn skråningar. Den store Reed-flata er truleg opprinneleg landskapsform med bratte skrentar mot kyrkja på ei side og mot Trælen på den andre. Og vi kan seie at vi finn spennande terrengdetaljar på alle gardane trass i oppdyrkinga, bilda skulle syne noko av dette

CC BY-NC 4.0 Breimsdalføret frå Byrkjelo til Reed. av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kari Gåsemyr 2005