Sidemeny+

Blokkebær, skinntryte (Vaccinium uliginosum) Northern bilberry

Posted on 16. nov 2005 by in Dyreliv

Blokkebær høyrer til lyngfamilien og liknar litt på blåbær. Bæra har kvitt fruktkjøt og ein vassen smak. Om hausten får dei fine fargar i bladverket.

Plassering i kart

Blokkebær
Lyngen er 15-45 cm høg. Stengelen er brun og rund.Blada (1-2,5 cm) har heil rand (ikkje taggete i bladkanten). Blomsten er urneforma med utoverbøygde spissar. Bæra er avlange og safta er fargelaus.

CC BY-NC 4.0 Blokkebær, skinntryte (Vaccinium uliginosum) Northern bilberry av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2007
Kjelder: Johannes Lid flora