Sidemeny+

Bensen-tunet

Posted on 16. nov 2005 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

Foto: Vilde Kleppe Braanaasall-rights-reserved

Slik ser tunet ut frå vegen

Bensen-tunet på Ålhus går heilt tilbake til 1600-talet. Tunet består av seks hus, den eldste bygningen er fjøsen som er 300 år. På initiativ frå målar Nikolai Astrup vart tunet freda i 1923. I dag er tunet arena for sogespelet om Audun Hugleikson.

Plassering i kart

Bensen-tunet, også kjend som Bendik-tunet, tel i dag, seks hus; ein fjøs, eit stabbur, ei nystove, ei løe, ei svalstove og ei sperrestove. Lafteteknikken som er brukt på husa går heilt tilbake til vikingtida. Dette gjev tunet eit særpreg. Tidlegare gjekk hovudvegen til bygda igjennom tunet, og du kan sjå restar etter han.

Freda i 1923
Tunet vart freda av Riksantikvaren i 1923, etter initinativ frå kunstmålaren Nikolai Astrup å ha vore i privat eige fram til i dag. Bendik-tunet er og arena for sogespelet Audun Hugleikson som første gong vart oppsett i 2002, og igjen i 2004. Grunna spelet så står det igjen ei gruve og ei scene på tunet som har fått lov til å stå der av Riksantikvaren.

Fengselstun
Jens Nilsen vart som 26 åring(1653) lagrettemann, og i 1677 overtok han som lensmann etter ein slektning, eit embete han hadde livet ut. I 1673 kom det opp ei sak der ein av naboane til Nielsson, Tore Andersson Nedrebø, skulle ha «beliget sin Stiffdatter», Helga Amundsdotter. Dette vart sett på som den største synd. Tore skjønte kvar veg det gjekk, og stakk, men Helga Amundsdotter vart dømd frå livet, og i 1674 vart ho halshoggen. Ho møtte lagnaden sin på Slota, der vi i dag finn murarane etter bygningen til Audun Hugleikson. På 1600-talet tente denne plassen som rettarplass. Dødsdommen vart avsagt i same grenda, og praten gjekk. Fekk ho som fortent etter ei slik framferd? Var ho i kontakt med fanden sjølv?
På denne tida brann framleis heksebåla, og frå våre kantar er det fleire saker der kvinner har tilstått dei mest utrulege stemnemøte med Tore.

Gjest Baardsen
Ole Ellingsen Hegrenes var lensmann frå 1794 og sat heilt fram til 1822. I løpet av si tid i teneste satt Gjest Baardsen i forvaring hos han etter å ha blitt teken i eit bryllaup på Klakegg.
Men og den ikkje så ukjende Trodalsmordaren, som drap eit sendebod, har sete i forvaring på Bendik-tunet.

Dei siste eigarane
Tunet har hatt mange eigarar, og har mellom anna leie under Førdekyrkja frå 1585, men i 1590-åra var det Naustdalskyrkja som stod som eigar heilt fram til 1717. I 1795 av kjøpte oppsitjarane på Nedrebø, Johannes Erikson, Daniel Simonson, Nils Johannesson og Søren Knutson for 1.050 dalar kvar og blei med det sjølveigarar.
Dei siste som budde på tunet var Bendik og Andreas Nedrebø, og sist nemnte budde her til på slutten av 1970 talet. Men sidan då har husa stått tomme. Her på tunet har det vore stor aktivitet, og dei som budde her var mellom anna først til å få seg fotoapparat og radio, samt traktor og bil.

Kvar ligg Bendik-tunet?
Bensen-tunet, også kalla Bendik-tunet, ligg på Ålhus i Jølster kommune. Om lag 30 min. frå Førde sentrum. Du køyrer langs Jølstravatnet på E39, og tek av til venstre med butikken ved Eikås Galleri. Så følgjer du dalsvegen som går oppover til du ser seks gamle trehus som står til venstre ovanfor vegen.

CC BY-NC 4.0 Bensen-tunet av Anne Brit Sande er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Vilde Braanaas, Astrid Gjelsvik, Cecilie Rysjedal
Kjelder: Nils Nedrebø, Stig Årdal, Stiftinga Bensentunet, Terje Lyngstad