Sidemeny+

Vannrikse (Rallus aquaticus)

Posted on 16. okt 2005 by in Dyreliv

 Vassriksa er svært sjeldan i Sogn og Fjordane, men ho er observert i Fjærland. Sjå bildet.Fuglen er ikkje sett i Gloppen, med det eg veit, men ho kan kome hit og, ein vakker dag?

Plassering i kart

Utsjånad

Vassriksa er ca 29 cm lang. Han fuglen og ho fuglen er like av utskjånad. Ho har eit langt raudt nebb som er litt bøygt. Oversida av fuglen er mørkebrun med markerte svarte flekkar. Kort stjert som ofte peikar litt til vers og vippar opp og ned. Føtene er brungule. Flyg som regel lågt med hengande bein. Spring delevis på vassplantar og sym innimellom.Ungfuglen har ganske lys, flekkete underside og har eit brunt nebb.

Hekking.

Rugar langs sør og vest kysten til Trøndelag. Likar grunne vegitasjonsrike vatn, dammar og elveløp. Reir ligg i tett vegitasjon, og er byggt av tørre blad og strå.

Egg og ungar.

Vassriksa legg ca 6-12 egg i mai-juni. Dei er glinsande gulkvite med raudbrune og gråblå flekkar. Både hannfuglen og hofuglen rugar på egga i ca 19- 21 dagar. Ungane er symjedykktige når dei vert klekt og flygedykktige etter 7-8 veker. Føde: insekt, smådyr og plantekost.
 

 

 

 

CC BY-NC 4.0 Vannrikse (Rallus aquaticus) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Oddgeir Vereide 9a 2009
Kjelder: Våre fugler. Svein Haftorsen