Sidemeny+

Svidalsstøylen – ein samlingsstad

Posted on 31. okt 2005 by in Jordbruk

Vi har gått i nesten ein time og kan sjå støylshusa eit stykke framfor oss. Naturen rundt oss er vakker, med støylshusa liggjande inn med fjelltoppane. Vi kjenner den oppfriskande fjellufta i lungene.

Plassering i kart

Turen startar i Svidalen, oppover ein bratt skogsveg. Då vi kjem til budeiene sin første kvileplass, kan vi skimte Jølstravatnet mellom tretoppane. Turleiaren vår, Olav Støylen fortel eit segn om ei budeie som nesten vart teken av bjørnen, og vi kjenner at vi er glade for at det ikkje fins bjørnar her i dag. Vi går vidare mot støylane, og ved enden av skogsvegen kjem vi til budeiene sin andre kvileplass. Her brukte ungdommane i bygda å samlast på dans om somrane då Olav var ung.

Opphav frå 1600-talet
Skogsvegen tar slutt og vi fortset opp ein sti, og etter om lag ein halvtime ser vi 6-7 av dei 10-12 støylshusa som ligg på Svidalsstøylen. Dei har sitt opphav frå 1600-talet. Før budde budeiene på støylane om somrane medan dyra beita på fjellet. Når vi kjem opp ser vi ein mur som ein gong har vore eit fjøs. Fjøsa som ligg her var hus der dyra opphaldt seg om nettene, for å verte verne mot rovdyr, som bjørn og ulv.

Kulturhistorisk verdi
Rundt 1930-40 vart dei fleste støyshusa restaurerte av bruka ned i grendene, som eig dei. I dag vert støylane brukte til fritid og rekreasjon, av grendafolket og turgåarar, og Olav fortel at det er stor interesse for å ta vare på husa blant dei som eig dei. Olav er oppteken av den kulturhistoriske verdien, og synes det er flott at vi i dag kan sjå korleis dei levde og arbeidde før i tida.

Tyskardrama
Olav tar oss med inn i det koselege støylshuset sitt, og vi set oss godt til rette på benkane og finn fram maten og drikka vår. Olav fortel historier frå gamle dagar og under krigen. Mellom anna om ein tysk soldat som desserterte frå eigne styrkar. Andre tyskarar var ute etter han, men han rømde unna, og kom ned til folk på Vassenden som hjalp han. Til slutt fekk tyskarane tak i han og han vart henretta i Gudbrandsdalen. Dette var ei dramatisk oppleving, mellom anna for søstrene til Olav som var budeier på støylen på den tida. Dei sat inne i støylshuset medan tyskarane leita i området rundt støylane.

Dans på støylen
Nedanfor støylen ser vi sletta der ungdommane brukte å ha dans då Olav var ung. Dei åt ”rømmaske” (ein lokal rett basert på rømme) og dansa til langt på natt. Alle hadde finstasen på, jentene i bunad og gutane i dress. Olav tykte dette var ryse artig. Det hende òg dei tok turen over fjellet til Angedalen på dans, og for å møte dei flotte damene.

Vegen til støylen
Når du kjem langs E39 tek du av ved berg v/jølstra vatnet (mellom Ålhus og Vasshenden). Frå hovudvegen køyrer ein ca. ein km. til Svidalen. Herifrå følgjer ein ein skogsveg i ca. ein halvtime. Deretter kjem ein til ein sti som fører opp til støylen. Terrenget frå skogsvegen er ofte vått og myrlendet, så gode, vasstette sko er å tilrå.

CC BY-NC 4.0 Svidalsstøylen – ein samlingsstad av Anne Brit Sande er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anna Savland, Astrid Gjelsvik og Marie Birkeland
Kjelder: Olav Støylen