Sidemeny+

Sivhøne

Posted on 22. okt 2005 by in Dyreliv

Midt i oktober 2005 vart eg kontakta av to pensjonistar her på Sandane- Alfred og Steffen-. Dei er mellom anna svært fugleinteresserte, og no hadde dei observert ein merkeleg fugl. Eg bort, men ingen fugl å sjå. Dei hadde merka seg dei karakteristiske trekka, så det var enkelt å artsbestemme han.

Plassering i kart

Sivhøne
Berre nokre få eksemplar av denne fuglen er observert i Sogn og Fjordane. Også i Hordaland er han sjelden. «Sivhøna er en meget fåtallig vintergjest i Hordaland med kun rundt fem ind. årlig den siste tiårsperioden.»
Fuglen er svært flink til å stikke seg bort når han merkar at han blir observert. Plutseleg er han borte. Fyrste bildet måtte eg difor ta av fuglen på lang avstand. Han er kompakt, stor som ei due, grå-/mørkebrun nesten svart farge med kvite fjør langs sidene. Den vaksne fuglen har tydeleg raudt nebb med gul spiss. Beina er grøne.
Den svarte «oppstopparhalen» er kvit under. Stjerten vippar iherdig opp og ned både når fuglen går eller sym på vatnet. Flyg lågt med hengande bein. Ungfuglen har meir brunaktig fjørdrakt. Hann og ho er like av utsjånad.

Mat
Sivhøna et for det meste plantekost, men kan og ete insekt, sneglar og meitemark. Det går også å fore ho med brødmat.

Utbreiing
Fuglen finst på Austlandet (Østensjøvatnet) , langs Sørlandskysten og nokre spreidde kystforekomstar på Møre. Det er også ein liten bestand i Trøndelag.

Hekking
Utprega låglandsfugl som likar seg best i grunne næringsrike innsjøar. Dei 5-12 egga (gulgrå til gulraude med raudbrune flekkar) blir ruga av begge kjønn. Rugetida er knappt ein månad. Kan ha opp til tre kull på ein sommar.
Trekkfugl som kjem i mars og blir til isen legg seg. Nokre kan overvintre.

CC BY-NC 4.0 Sivhøne av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2005
Kommune: Elvebakken ved Gloppeelva