Middagsfjellet – ein lett tilgjengeleg fjelltopp
Frå parkeringsplassen i Gjesdalsdalen tek turen opp til Middagsfjellet 1173 m.o.h. om lag to timar. Det er ein fjelltur i lett terreng som skulle høve godt for dei fleste.
Plassering i kart
I september 2005 tok ei gruppe på kring tjue elevar og lærarar frå Mo og Jølster vidaregåande denne turen, i samband med at det var arrangert friluftsdag på skulen. Middagsfjellet var den lengste turen som var lagt opp til denne dagen, men det var likevel mange som ønskte dette alternativet. Eit godt val, sidan fjellturen byr på både flott utsikt og god trim, utan å vere for anstrengande.
Myrlendt i starten
Første del av turen går i noko myrlendt terreng. Det var fleire som erfarte at det er viktig å vere godt skodd i fjellet, så fjellsko eller anna fottøy som tåler eindel væte er tilrådd. Ei god vindjakke er også lurt å ha med, då det ofte kan blåse friskt på toppane, særskilt på hausten.
Etter ein drøy halvtimes gange er den første brattbakken tilbakeleagt og like over tregrensa begynner den flotte utsikta over Jølster å openberre seg. Her er mange fine fotomotiv, så kamera er eit ?must? å ha med i sekken, for dei som likar å ha bilder å sjå tilbake på.
Alf Vidar Snæland, som er grunnkurs-elev på Medium og kommunikasjon, er ein røynd fotograf og han fekk festa mange naturinntrykk til linsa denne strålande haustdagen.
Alternativ nedatt
Stien er godt merka heile vegen, så det er lett å finne fram. Etter to-tre timar i normal gange når ein varden på toppen av Middagsfjellet. Her er det fint å raste og nyte utsikten over Jølstravatnet austover og ser du mot vest er det fjella kring Førde, Gaular og toppane vestover mot yste delen av Sunnfjord. Kanskje ser du Alden i det fjerne på ein klar haustdag?
Ein kan variere turen ved å ta ein annan veg nedatt, mot Søstestøylen og deretter til Gjesdalsstøylen, i staden for tilbake til parkeringsplassen. Ein må i så fall vere merksam på at det er fleire tråkk i området men ikkje ein merka sti. Det er likevel forholdsvis oversiktleg og ope terreng, så ein bør kunne finne ned til støylane att utan vanskar.
Praktiske opplysningar
Vegen til Gjesdalen og parkeringa i Gjesdalsdalen finn ein på følgjande vis:
Ved Vassenden tar ein til høgre og køyrer nokre hundre meter mot sørsida av Jølstravatnet.
Ta til høgre igjen ved Vassenden skule og føl vegen oppover Gjesdalen til du kjem på bakketoppen. Her startar ein grusveg (på høgre side) og du finn informasjon om vegen vidare. Gjesdalsdalen er bomveg og ein skal betale 20 kroner for bilferdsel vidare.
Parkeringsplassen i enden av den tre kilometer lange grusvegen har god plass. Herifrå kan ein velje mellom ei rekkje turar i området, som til Gjesdalsstøylen, Gjesdalsvatnet, Søstestøylen og Middagsfjellet. Alle turane er skilta og godt merka.
Middagsfjellet – ein lett tilgjengeleg fjelltopp av Anne Brit Sande er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.