Sidemeny+

Lirype (Lagopus lagopus)

Posted on 23. okt 2005 by in Dyreliv

Det finst to typar rype i Norge: lirype og fjellrype. Fjellrypa finn vi meir i høgfjellet og lirypa lever i noko meir lågtliggjande terreng. Av og til kan du møte lirypa på snaufjellet og.Lirypa er og kraftigare bygd enn fjellrypa, raudare farge på sommardrakta, litt ulik lyd og tjukkare nebb.

Plassering i kart

Familie: Skogshøns familien(Tetraonidae)
Art: Lagopus lagopus
Lengde: 37-42cm
Vengespenn: 55-66cm
Utbreiing: Hekkar i fjell og hei på Dei britiske øyane og i Nord-Europa; individ som hekkar på høgfjellet kan trekke ned mot lavlandet på vinterstid.

Hekking
Reiret legg ho på bakken i mai-juni med 8-12 egg i. Hofuglen rugar i 20-21 dagar. Ungane forlet reiret når dei er klekte. Kjem du nær ungane når dei er små, spelar hofuglen skada. Ho spring då med vengjene slepande etter seg.
Standfugl som sjelden flytter over 2 km.
Kontinentale fuglar har kvite venger, medan den såkalte skotske lirypa, som finnst på Dei britiske øyar, har mørkebrune venger.
Lirypa er større og har kraftigare nebb enn fjellrypa, og er raudare i fargen om sommaren; ho blir heilt kvit med svart stjert om vinteren, utan svart tøyle.
Vårfuglar har metta raudbrunt bryst i sterk kontrast til den krittkvite undersida.

CC BY-NC 4.0 Lirype (Lagopus lagopus) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Nicolay Mundal 8c 2006