Sidemeny+

Flaggspett

Posted on 8. okt 2005 by in Dyreliv

Denne fuglen lever mellom anna av frø frå gran og furukonglar. I gode år med mykje frø, kan det vere invasjon av flaggspett. Fuglen set konglane fast i ei sprekke i trestammen (spettesmie) for å få ut frøa.

Kjenneteikn Ca 25 cm, veg rundt 70 ? 90 g. Flaggspetta er ein av dei største svarte og kvite spette-fuglane, og ho liknar mykje på kvitryggspetta. Ryggen er som oftast svart med ein kvit stor flekk på kvar side. Undersida er kvit med ein raud kraftig undergump. Hannen har ein raud liten flekk på nakken. Hoa manglar raud flekk på hovudet. Nebbet er kraftig og har ein meisel-forma utsjånad. Utbreiing Den mest talrike av spettane i Europa er flaggspetta. Ho held seg mest i lauvskog, barskog og blandingsskog i både Aust-landet og Sør-landet, medan den finst lite på Vest-landet og i Midt-Norge. Ho tilpassar seg i større grad enn mange av dei andre spettane i landet. Ho er den vanlegaste spettearten i heile landet, og det er registrert over tusen par. Det varierar mykje i takt med frøsetjinga til bartre osv. På grunn av hogst av osp som dei brukar mykje til reirplass, flyttar dei. Forplanting Flaggspetta har alltid eit eige område og kan derfor hekke tettare og tettare enn dei andre spettane. Reiret er ofte i osp og opninga har ein diameter på 4,5 – 5,5 cm. Det ligg helst 5 m over bakken, men heilt ned i 1 m er også vanleg. Ho markerer området sitt med å tromme på trestammen. Ho kan også markere det ved å hakke på eit underlag som gjev god lyd. Egga blir lagde i mai. Ho legg som regel 5 – 7 egg. Hann og ho byter på å ruge i 12 dagar. Ungane blir i reiret 21 – 23 dagar, og dei blir mata 14 dagar etterpå. Næring Den lever av frø frå gran og furu om vinteren, men kan også ete borkbiller. Det er typisk for flaggspetten å ha spette smier. Der set dei fast konglane og tek ut frøa. Ho tek mykje innsekt om sommaren, og ein del bær om vinteren. Ho tek og ungar frå andre fuglereir Tilpasning Flaggspetten er ein standfugl. Ho kan flytte seg over store strekningar. Ho må oppsøke område med mykje gran- og furufrø. Desse vandringane kan vere heilt frå Russland og til Færøyene! Då startar dei som ungfugl.

CC BY-NC 4.0 Flaggspett av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Edvard Aske 8c 2006