Sidemeny+

Svartor (Alnus glutinosa)

Posted on 7. sep 2005 by in Planteliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Svartor

Svartor er eit vanleg tre i Gloppen. Det er eit av to tre i oreslekta. Den andre er gråor. Blada på svartor er grøne og runde, med ei innbukting spissen. Gråorbladet endar i ein spiss. Elles kan du skilje blada frå kvarandre ved å telje nervane i bladet. Gråor har flest nervar (ca. 10) og svartor har ca. 6.

Plassering i kart

Vekseområde
Svartor veks på stadar der grunnvatnet er høgt og på grunn med mykje næring. Ofte i nærleiken av elvar, bekkar og vatn. Det treng òg mykje lys og varme for å leve. Treet er vanleg på austlandet nord til Mjøsa, og langs kysten til Nord-Trøndelag. Det veks sjølvsagt også utanfor Noreg sine landegrenser, den veks nesten over heile Europa. Svartor blomstrar tideleg om våren, på austlandet i april. Her i Gloppen blomstrar både svaror og gråor ofte i slutten av februar. Dette er eit vanleg sambu rakletre som hassel. Store hann – raklar og mindre ho-raklar.

Utsjånad
Svartor er vanlegvis rundt 10 m høgt, men kan bli opptil 20m høgt. Det blir sjeldan gammalt, men det kan bli opptil 300 år. Ein meir vanleg alder på treet er 100 år. Blada er grøne og runde, og fremst er der ei innbukting. Dei er òg litt taggete rundt kanten og fell medan dei endå er grøne. Dette er eit av dei få norske lauvtrea som ikkje får haustfargar. Grunnen til dette er enkel. På røtene til både grå – og svartor finn vi nitrogenfikserande bakteriar som fangar nitrogen rett frå lufta. Mange av dei andre lauvtrea i Norge, må ta vare på klorofyllkorna om hausten. Trea dreg korna inn frå blada om hausten, slik at dei fine haustfargane i raudt, gult og oransje kjem til syne. Desse fargane er til stades heile sommaren, men dei er dekt av den grøne og dominerande grøne fargen frå klorofyllkorna.
Fruktene er horaklane som har utvikla seg til frukter som liknar konglar, med små nøttefrukter på.

Bruksområde
Svartor har ganske hardt tre, og har blitt mykje brukt til møblar og treskjæring. Det er ofte fine flammande mønstre i treet, spesielt i røtene. I fuktig miljø rotnar svartora kjapt.

CC BY-NC 4.0 Svartor (Alnus glutinosa) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anders Holvik 10a1 2008
Kjelder: Lauvtreprosjektet i Jølet, www.caplex.no, www.wikipedia.no, www.nn.wikipedia.org, Norsk Natur.