Sidemeny+

Kantarell (Cantharellus cibarius)

Posted on 6. sep 2005 by in Planteliv

Kantarell er ein svært ettertrakta sopp for sopp – plukkarar. Med sin milde smak og fruktaktige lukt, og sin karakteristiske gulfarge, er den lett å kjenne igjen. Som mange andre soppar er kantarellen nyttig for mange ulike tre, fordi han dannar mykorrhiza (sopprot). Mykorrihiza hjelper trea med å ta opp næringsstoff og vatn, og soppen får ein del stoff frå treet og.

Plassering i kart

Kjenneteikn
Kantarell er lett å få auge på, og kjenne igjen ute i naturen. Fargen varierer frå gul til djup guloransje, og hatten blir raudflekka ved skade. Soppen har nedgåande ribber som går langt ned på stilken. Hatten er nedtrykt på midten, og kan variere sterkt i form. Kjøttet er fast og litt bleikare enn sopphatten, og har ein behageleg fruktaktig lukt og ein mild krydderaktig smak. Soppen er som regel fri for makk. Den einaste soppen man kan forveksle med kantarellen, er skivesoppen Falsk Kantarell (Hygrophoropsis aurantiaca). Falsk Kantarell er ingen matsopp, men den er heller ikkje giftig.

Utbreiing
Kantarell er vanleg i Noreg nord til Nordland, men finst også i Troms. Han har sin hovudsesong frå juni til oktober. Soppen er skjør, og blir lett øydelagd dersom det kjem for lite regn. Han veks ofte i næringsfattig lauv- og barskog, gjerne langs råser eller grøftekantar.

CC BY-NC 4.0 Kantarell (Cantharellus cibarius) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Daniel Hjohlmann Reed 8c 2009
Kjelder: Wikipedia