Sidemeny+

Fuglekassane våre på Myklebustneset!

Posted on 15. sep 2005 by in Dyreliv

Fuglekassane stod ganske vakkert, men litt kamuflert hengt opp!

Me i åttande klasse på Hyllestad skule 04-05, bestemte oss for å lage fuglekassar og sette dei ut i forskjellige terreng og i forskjellige lokalitetar. Me lagde fuglekassane sjølve, haust/vinter 2004! Til saman bygde me 29 kassar og delte oss inn i grupper, som kvar sette ut ca. 7 kassar.

Plassering i kart

Korleis bygde me fuglekassane?
Til fuglekassane hadde me fått tak i litt tjukke materialar fordi fuglekassane ikkje skulle sprekke så lett. Me brukte naturfagtimar for å gjere ferdig kassane, og samarbeidet var sterkt i gruppene! Etter ei stund var alle erfarne snekkarar. Me tok kassane inn og måla dei raudbrune. Deretter var dei klare for å bli hengt opp.

Kvifor lage fuglekassar?
Me hadde veldig lyst til å studere fuglelivet rundt skulen som f.eks. når dei legg egg og kor lang tid det tek før dei er utklekte, og kor lang tid det går før fugleungane flyg.

Opphenginga
Me hengde ut fuglekassane 04.03-2005. Då var marka dekka av snø, ca 30 cm høg. Me batt dei opp med eit sterkt tau med ca. 30 meters avstand og 1.50 meter over bakken. Fuglane er veldig opptatt av å ha sitt eige område!

Det er viktig å reinse fuglekassane!
Hausten er ei god tid for å reinse fuglekassane etter sommarens hekkesesong. Gamle reir bør alltid fjernast, for fuglane klarer ikkje å gjere dette sjølv. Tek du det om hausten, er du sikra att du ikkje kjem i siste liten om våren (og det gjer du alltid på den tida av året!). Eit godt tips er å bruke gummihanskar når du plukkar opp dei gamle reirrestane. Ofte kan det ligge att daude fugleungar i reiret, og dei kan lukte ubehageleg. Nokre fuglar etterlet mykje ekskrementer (for eksempel stær), og fuglekassar kan vere skikkeleg grisete innvendig. I dei verste tilfella kan det lønne seg å ta ned kassa og spyle ho. Lat den då tørke før du heng deg opp att. Meiser likar gjerne å sove i fuglekassane om vinteren. Viss du synest dei bør ha litt isolasjon , kan du legge litt tørr stubbeflis i botnen av kassa til erstatning for det gamle fuglereiret.

Noregs største meisebolle?
Det er jo også viktig at fuglane får mat om vinteren. Kanskje har du lyst til å lage din eigen meisebolle som fuglane kan få glede av. Her kjem ei oppskrift på korleis du kan lage ein meisebolle på ca. 5 kg!

2250 g delfiafett
1000 g solsikkeskjerner
1000 g lettkokte havregryn
500 g knuste hasselnøttkjerner
250 g hakka mandlar

Ingrediensane kostar om lag 165 kroner, men meisebollane varer som regel ganske lenge. Den er også svært populær blant fuglane på foringsplassen! (Frå Fuglevennen, 2005)

CC BY-NC 4.0 Fuglekassane våre på Myklebustneset! av kamilla_systaddal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kamilla Systaddal, 2005