Sidemeny+

Fjelltistel (Lauvtistel) (Saussurea alpina) Korgplantefamilien.

Posted on 6. sep 2005 by in Planteliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Fjelltistel

Fjelltistel er ei fleirårig urt som høyrer til i korgplantefamilien. Han veks over heile landet, men er avgrensa til Europa.

Plassering i kart

Fjelltistel vert frå 10 -50 cm høg. Blada er hårete og gråfiolette på undersida, og dei har ujamn eller småtagga kant. Korgdekkblada er gråfiolette,  kronblada er fiolette og pollenknappane er blå. Det er sterk vaniljelukt av heile planten. Fjelltistel veks på myr, eng, open skog og i snøleie, mest på kalkrik grunn. I Jotunheimen kan han vekse heilt opp til 2100 moh. I Nord-Norge og nokre stadar på Vestlandet veks planten heilt ned til sjøen. På fjellet blømer fjelltistelen i juli.

CC BY-NC 4.0 Fjelltistel (Lauvtistel) (Saussurea alpina) Korgplantefamilien. av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2007
Kommune: Fagredalen