Sidemeny+

Bøk Fagus silvatica Bøkefamilien

Posted on 26. sep 2005 by in Dyreliv

Bøk høyrer til edellauvtrea og kan bli opp til 25 meter høg i Norge. Treet toler mykje skugge, og fordi blada sit tett, blir det lite lys i ein slik skog. Vegetasjonen i skogbotnen vert deretter. Mest berre vårplantar som f.eks. kvitveis finst i bøkeskog.

Plassering i kart

Bøketreet
Blada har ei blank overflate og litt tanna rand. Sambu der du finn både hann- og hoblomst på same treet. Frukta er trekanta nøtter i eit pigga hylster.
Du vil sjå mest einskildtre som har vorte planta, men ein del tre har forvilla seg og i Vestfold finn ein bøkeskogar.

Bruksområde
I Danmark og Skåne spelar bøk same rolle som gran på Austlandet og i Trøndelag. Bøk krev bra jord og kan konkurrere ut både eik og furu. Veden er tung og sterk, men lettkløyvd. Han er lukt- og smakfri og blir difor brukt til kjøkkenreiskap og anna som skal vere i kontakt med mat. Har vore og er fortsatt brukt til brensel, reiskap og møblar, samt hardvedkantar på ski. Bøk er og nytta til ispinnar. Mange gjenstandar av bøk vart funne i Osebergskipet.

Mat
Bøkenøtta er feit og næringsrik, og ho vert spreidd av ekorn, mus og nøtteskrike. Desse nøttene inneheld ei gift. Kyr som var oppvoksne med bøkenøtter, tolte dei. Under krigen vart nøttene brukt til grisefor.
Bøkenøttoljen er ein lys, feit olje med mild smak og lita lukt. Nøttene kan bli pressa, og oljen ein då får kan brukast til lampe- og matolje. I staden for mandelolje blir bøkenøttolje brukt ved framstilling av farmasøytiske og kosmetiske preparat.

CC BY-NC 4.0 Bøk Fagus silvatica Bøkefamilien av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2007
Kjelder: Tverrfagleg prosjektarbeid: Torhild Øie, Svein Hjelmeset og Inger Marie Osmundsvåg
Kommune: Sandane