Åfjorden i soleglad
Når skyer og sol, hav og himmel spelar på lag, kan naturen lage eit fargespel du nesten trur ikkje er mogleg. Då er det berre å setje seg ned, la tankane få vandre og nyte stunda.
Plassering i kart
Eg sat nedpå Myklebustneset
mens dagen trøytna i vest,
og sola hang eldraud i fjeset
litt sør for Den norske Hest.
I bølgjekrus leika silda
og erta opp mort og pal;
Å, tenk deg den førsumarstilla
med ange av hegg og konvall.
Åfjorden, fjordjuvelen,
skein i opal og rubin.
Då rykte eg til heilt fælen:
Sjå, heile Lifjellet skin !
Det tindra av fargar blanda
frå glinsande fjellveggen svart,
så Gygrekjeften og Tanna
som regnbogelandskap vart.
Åfjorden i soleglad av Håkon Haukoy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.