Piggsvinspinner (Parasemia plantaginis)
Denne piggsvinspinnaren vart observert i Gloppen for nokre år sidan. Ein haustdag på tur til Svartebotnen, midt mellom Skaveggene og vatnet inne i botnen, låg han på stien.
Plassering i kart
Utsjånad
Piggsvinspinnar har ein tjukk og korthåra kropp. Bakkroppen er karmin raud hos hoa og meir oransje hos hannen. Begge har eit svart band bakover ryggen og svarte sideflekkar. Piggsvinspinnar har brunsvarte framvingar. På kvar venge er eit lysare og lett gjennkjenneleg mønster. Vengespennet er mellom 29 og 40 millimeter.
Larvane er ganske hårete. Kroppen er mørk, med gyllen rustraude punktvis (på kvart ledd) hår. Han har lengre mørke hår bak på ryggsida. Utvokst blir han ca. 3-4 centimeter lang.
Levevis
Piggsvinspinnar finst i mange naturtypar, vanlegast på fuktige markar i skog, skogslysningar og hogstfelt.
Han finst i lavlandet og opp i fjellet. Piggsvinspinnaren likar seg best i bergknausar og i åpe terreng. Flygetida er i juni og juli, men ein kan også finne han seinare. Den er dagaktiv.
Hoa legg omtrent 200 egg rett på næringsplanten. Egga blir lagt i små grupper.
Larvane veks ganske seint. De held seg skjult nede i vegetasjonen og er ikkje lett å oppdage. Dei lever av å gnage på blad. Overvintringa er som halvvaksen larve. Dei fortset og vekse også etter overvintringa om våren.
Utbreiing
Piggsvinspinnaren lever i Mellom-Europa frå Storbritannia, Spania austover til Kina og Japan. Han finst som underarten f. petrosa i nordre og nordvestre Nord-Amerika. I Norge nord til Finnmark.
Namnet
Det latinske namnet Parasemia betyr med særskilt kjennetegn. Namnet plantaginis er etter slektsnamnet på næringsplanta groblad Plantago.
Piggsvinspinner (Parasemia plantaginis) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.