Sidemeny+

Tårnseglar (Tårnsvale) Apus apus

Posted on 25. jul 2005 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Fantastiske flygarar.

Det er skulestart og kanskje på sin plass å fortelje litt om dei langvegsfarande gjestane på Gloppen ungdomsskule. Dei kjem frå Sør-Afrika og har vore innkvartert på GU sidan 20. juni og til no. I tillegg har desse gjestane vore vertar for nokre andre, som har levd godt i fleire veker.

Plassering i kart

Tårnseglar
Fire til seks tårnseglarar har hekka på Gloppen ungdomsskule dei siste åra. Dei er
17-18 cm lange og vert ofte forveksla med ei stor svale, men dei høyrer ikkje til svalene i det heile. Her har vi berre tårnseglar, men på Balkan finn du ein større seglar, alpeseglaren. I tillegg har vi gråseglar og småseglar.
Tårnseglaren har omlag heilt svart underside og vingeforma er anleis enn hjå svalene. Vingene er sigdforma med lang hand og nesten ikkje arm. Flukt frå side til side med djupe vingeslag og med lang sveipande glideflukt eller seglingar er karakteristisk.

Lyd
Ulike skingrande, ringande skrik «srriirr». Særleg kraftige vert skrika som dei tette flokkane utstøyter i kor når dei flyg rundt lågt over taka.

Vert og parasitt
Insekta på bildet er parasitterande fluger i familien Lusfluger (Hippoboscidae). Dei leve av blod frå vertsdyret og gøymer seg bort i pelsen eller fjørdrakta. Desse blodsugarane har reduserte venger. Arten heiter Tårnseglarlusfluge (Crataerina pallida (Olivier in Latreille, 1811)), og er knytta til
svale og tårnseglarar.
Dei er interessante m.a. ved at larven blir klekt inne i hoa, blir «fødd» i nesten fullvaksen storleik og forpuppar seg nesten med det same den kjem ut. Tårnseglarar er ekstra utsette for slike, men få har kanskje sett den grøne fargen. Kanskje kan det vere snakk om ulike artar, eller at desse nyss har metta seg på fugleblod?

Hekking
Reirmaterialet snappar dei i flukt: tynne kvistar, strå og fjør. To til tre kvite, langstrakte egg vert lagt i juni. Han og ho rugar i 19-20 dagar og ungane vert i reiret i opp til 8 veker. Ungane kan tilpasse seg matmangel, gå i dvaletilstand og vere utan mat i opp til to døgn. Dårleg ver med lite insekt i lufta gjer det vanskeleg for dei vaksne å skaffe mat. Dette kan vere ein av grunnane til at ungane vert heile 8 veker i reiret. Snyltarane, tårnseglarlusfluge, kan og gjere sitt til at det går lang tid før dei er flygedyktige.

CC BY-NC 4.0 Tårnseglar (Tårnsvale) Apus apus av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2007
Kjelder: Gyldendals store fugleguide og UiO