Sidemeny+

Svalestjert (Papilio machaon)

Posted on 21. jul 2005 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Svalestjert

I denne familien finn du nokre av dei vakraste sommarfuglane som vi veit om. Dei fleste av over 600 beskrevne arter har utbreiing i tropiske og subtropiske strok. Nokre sommarfuglar kan leve høgt til fjells. Enkelte arter er påvist opp til 4000 meters høgd. Det fins arter med eit vengespenn på opp til 28 cm.

Plassering i kart

Utbreiing i Norden.
I Norden er det påvist berre 4 arter, og tre av desse er funne i Norge. I 1989 vedtok Direktoratet for Naturforvaltning å totalfrede to av artene. Desse to artene (mnemosynessommerfugl og apollosommerfugl) kom inn under CITES-konvensjonen sitt vedlegg 2 over dyrearter som skal vere totalfreda.
Svalestjerten som er avbilda på denne sida, er blitt borte frå Danmark, og går sansynleg ein del tilbake i Norge og. Dette pga drenering av myr og våtmark.
Denne sommarfuglen vart observert i Lærdal sommaren 2005.

CC BY-NC 4.0 Svalestjert (Papilio machaon) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2007